Aurvoll og furesund foto Aurvoll og Furesund
NOK EIT GODT ÅR: Etter fleire gode år var dagleg leiar Eivind Lars Berge usikker på framtida i fjor. Men entreprenørselskapet Aurvoll og Furesund fekk eit godt fjorår - og ligg godt an i 2023. Foto: Aurvoll og Furesund
Nytt

Furesund fekk knappe ti millionar for eigardel

Entreprenørselskapet held koken med ny eigarkonstellasjon i krevjande marknad.

Marius Rosbach
09.06.2023

Rekneskapen for 2022 viser at Herøy-selskapet Aurvoll og Furesund held koken i det som blir omtala som ein krevjande marknad.

Det var endringar i entreprenørselskapet i løpet av fjoråret. Selskapet oppstod i 2007 som følgje av ei samanslåing mellom Aurvoll Maskin og Birger Furesund As.

I fjor gjekk Furesund ut av selskapet og fekk med seg verdiar for knappe 10 millionar kroner, ifølgje årsrapporten for 2022.

Eigedelar og kontantar
Entreprenørselskapet fisjonerte ut eigardeler og kapital til Furesund sitt selskap Libi Invest, til ein verdi av 9,6 millionar kroner. 7,5 millionar av dette vart utbetalt kontant. Selskapet har også gjeld til Libi Invest på 2,1 millionar som skal betalast innan tre år, skriv leiinga i rapporten.

Birger Furusund eigde ein tredel av aksjane, som betyr at selskapet blei prisa til knappe 30 millionar kroner.

Eirik Aurvoll har no drygt 44 prosent av aksjane, dagleg leiar Eivind Lars Berge 32 prosent, Elisabeth Aurvoll 12 prosent og Aurvoll Gruppen – som består av Sigita Prunskaite-Balkeviciene og Kay Terje Myklebust - eig knappe 11 prosent av aksjane i selskapet.

Haldt lønnsemda oppe
Omsetninga gjekk litt ned i 2022 – men lønnsemda haldt seg på nivå med 2021. Det var eit rekordår som dagleg leiar Eivind Lars Berge omtala som eit «fantastisk bra resultat».

Inntektene i fjor stoppa på 102,6 millionar og resultat før skatt vart på 7,4 millionar kroner (sjå tabell under).

Selskapet har eigenkapital på 22 millionar og langsiktig gjeld på knappe 26 millionar kroner.

Aurvoll og Furesund


Tal i mill. kroner
2022
2021
Driftsinntekt
102,6
108,7
Driftstresultat
7,5
5,7
Resultat før skatt
7,4
5,8

Gode ordreinngang - krevjande marknad
Entreprenørselskapet har god ordretilgang i år og venter god utvikling i marknaden framover.

Samtidig opplever dei press på marginar grunna kostnadsauke hos leverandørane. Resultat og omsetning i år vil truleg ende på nivå med fjoråret – eller litt lågare, skriv leiinga i årsrapporten.

Er blitt fleire tilsette
Årsrapporten viser at selskapet har hatt ei solid auke i talet på tilsette i løpet av fjoråret.

Medan dei ved utgangen av 2021 hadde 35 tilsette, var dei 44 tilsette eitt år seinare. Leiinga skriv at fire av berre fire av dei tilsette i selskapet er kvinner – men at det er 50/50 kjønnsrepresentasjon i administrasjon og leiing.

Publisert: 09.06.2023 09:49

Sist oppdatert: 09.06.2023 10:23

Mer om