Symbolkamp i Tussa
AKSJAR TIL SALS: Herøy kommune håpar å få inn minst 250 millionar kroner for ein aksjepost på 4,195 prosent i Tussa.
Nytt

Vil selje Tussa-aksjar for minst 250 millionar

Herøy Kommune vil selje A-aksjane sine i kraftselskapet.

15.12.2023

Kommunedirektør Trond Arne Rossi Aglen i Herøy sa tidlegare i år til Møre-Nytt at kommunen si vurdering er at A-aksjane i Tussa er verdt minst omlag 1,82 milliionar kroner kvar.

Herøy kommune eig 137 A-aksjer og vil få 250 millionar kroner i kommunekassa om kommunedirektøren har rett i verdivurderinga si.

Aksjeposten utgjer ein eigarandel på 4,195 prosent i Tussa.

I tillegg ein kommunen ein aksjepost på 11,513 prosent til i Tussa - som ikkje skal seljast. Det er B-aksjar, som ikkje kan omsettast fritt. B-aksjar gir både røysterett på generalforsamlinga og likt utbytte med A-aksjane, men kan berre eigast av kommunar og fylkeskommunar.

Heller sal enn eigedomsskatt
Salet er eit av dei mest sentrale tiltaka i budsjettforslaget frå posisjonspartia Høgre, Framstegspartiet og Industri- og næringspartiet. Dette blir rekna som nødvendig for å balansere budsjettet og økonomiplanen utan å introdusere eigedomsskatt, skriv Vestlandsnytt.

Rossi Aglen seier til NETT NO at han har fått eit mandat om å forhandle med meklarhus forå få hjelp til å selje aksjane, og reknar med at den avtalen kan vere klar før årsskiftet.

Nest størst
Før salet av A-aksjane er Herøy nest største eigar i Tussa.

Ørsta kommune eig tilsaman 32,333 prosent og har både A- og B-aksjar.

Dei andre eigarane er Volda kommune (14,819 prosent), Kommunal Landpensjonskasse (KLP) (13,901 prosent), Hareid kommune, Vanylven, Stryn og Sande kommune og Hornindal Kraftlag.

Publisert: 15.12.2023 11:10

Sist oppdatert: 16.12.2023 06:08

Mer om