Trond Arne Aglen
AKSJAR TIL SALS: Godt Tussa-resultat forsterkar Herøy kommune si forventing om å å få inn minst 250 millionar kroner for aksjane sine i Tussa. kommunedirektør Trond Arne Rossi Aglen fortel at det er «mange interessentar». Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Klar for sal av Tussa-aksjer til store verdiar

Herøy håpar rekordresultatet til Tussa-resultatet gir ekstra fart i bodkampen om kommunen sine aksjar.

29.04.2024

Kommune ville vise fram rekordresultatet, før den la Tussa-aksjane sine ut i marknaden, ifølgje kommunedirektør Trond Arne Rossi Aglen.

– Vi registrerer at selskapet har levert eit godt resultat. Det vil nok truleg ha påverknad på prosessen, seier han til Nett No.

Avgjerda om å selje vart teken seint i fjor. Kommunen har allereie fått sondert marknaden, sjølv om aksjane formelt sett ikkje vert lagt ut for sal før no.

Det er «mange interessentar» seier Rossi Aglen, og kommunen har vore i dialog med fleire både frå inn og utland.

Kvart milliard
Sparebank 1 Markets har fått jobben med å finne kjøparar til Herøy kommune sine 137 A-aksjar i kraft-, it- og installasjonselskapet Tussa.

Då Nett No før jul 2023 skreiv om det planlagde salet, var kommunen si vurdering at aksjane var verdt minst 1,82 millionar kroner kvar. Stemmer det, er det snakk om aksjar for 250 millionar kroner.

Aksjeposten utgjer ein eigarandel på 4,195 prosent i Tussa.

I tillegg til A-aksjane, eig kommunen ein aksjepost på 11,513 prosent til i Tussa - som ikkje skal seljast. Det er B-aksjar, som ikkje kan omsettast fritt.

B-aksjar gir både røysterett på generalforsamlinga og likt utbytte med A-aksjane, men kan berre eigast av kommunar og fylkeskommunar.

Nest størst
Før salet av A-aksjane, er Herøy nest største eigar i Tussa.

Ørsta kommune eig til saman 32,333 prosent, og har både A- og B-aksjar.

Dei andre eigarane er Volda kommune (14,819 prosent), Kommunal Landspensjonskasse (KLP) (13,901 prosent), kommunane Hareid, Vanylven, Stryn og Sande - og Hornindal Kraftlag.

Publisert: 29.04.2024 13:55

Sist oppdatert: 29.04.2024 18:55

Mer om