Fekk rett om lakseprisen
I februar spådde lakseeksportør Botholf Stolt-Nielsen ein laksepris på over 70 kroner kiloen i år. Så langt ligg han an til å få rett med god margin.
Stolt-Nielsen er dagleg leiar og medeigar i Ocean Supreme Holding-konsernet i Ålesund, med lakseeksportøren Ocean Supreme som største og viktigaste selskap.
Selskapet har spesialisiert seg på eksportere fersk laks til den asiatiske og nord-amerikanske marknaden og greidde å auke inntektene i fjor (sjå tabell) trass meir krevande logistikk og auka kostnadar på grunn av koronapandemien.
Meir foredling
Ein konsekvens av koronapandemien er at den har sett fart på ein trend som allereie var i gang, at meir fiske blir eksportert som filet eller enda meir vidareforedla, i staden for heile fisken. Det reduserer fraktvolumet og dermed også kostnadane.
I 2016 kjøpte Ocean Supreme seg inn i eit fordelingsanlegg ved flyplassen i Amsterdam, der fisken blir filetert før den blir sendt vidare med fly. Ocean Supreme sine leverandørar leverer også meir filetet frå eigne anlegg i Noreg, seier Stolt-Nielsen til NETT NO.
Lite vekst
Etter årets sju første månadar i år er den gjennomsnittlege prisen på laks 92,37 kroner per kilo, viser den statistikken til laksebørsen Fishpool.
Det er godt over spådommmen Stolt-Nielsen kom med i februar i år.
Lite vekst i lakseproduksjonjen på verdsbasis kombinert med framleis auka etterspørsel er prisdrivande og for resten av året reknar han med ein gjennomsnittspris på over 80 kroner kiloen.
Japan har vore største einskildmarknaden for Ocean Supreme, men stengt russisk luftrom på grunn av krigen i Ukraina gjer art Stolt-Nielsen er usikker på den posisjonen.
Flyrutene til Japan har blitt 50 prosent lenger når flya ikkje lenger kan flyge over Russland, med tilhøyrande kostnadsauke.
Oppdrettselskapet Alsaker Fjordbruk og Stolt-Nielsens eige selskap Stolten Seafood er dei to største eigarane i eksportselskapet, med høvesvis 29 og 25 prosent eigarandel.
Selskapet sysselsette 17 årsverk i fjor.
Ocean Supreme Holding as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 1765,4 | 1482,0 |
Driftsresultat | 47,7 | 35,1 |
Resultat før skatt | 60,3 | 53,3 |
Publisert: 08.08.2022 12:30
Sist oppdatert: 08.08.2022 12:41