Dobla utbyttet etter koronaåret
Koronakrisa la hindringar i vegen for oppdrettsfisk-eksportøren Ocean Supreme, men selskapet gjorde det likevel like bra i koronaåret 2020 som året før.
Det blei vanskelegare og dyrare å få fisken fram til kundane, hotell- og restaurantmarknaden svikta og etterspørselen etter filet og forbrukarpakka fisk auka på bekostning av heil fisk. Det var ulempene og utfordringane for eksportselskapet Ocean Supreme i Ålesund ifjor.
På pluss-sida var ei svakare kroner som kompensert for prisfall ute, og at selskapet greidde å flytte meir av salet frå Asia til den europeiske til den norske marknaden.
Ocean Supreme as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 1482 | 1460 |
Driftsresultat | 35 | 31 |
Resultat før skatt | 42 | 43 |
Ocean Supreme har spesialisert seg på å sende oppdrettslaks og - aure til Asia, den marknaden som blei vanskelegare å nå når tiltaka mot koronaepeidemine kom.
Mindre heil fisk
Under koronakrisa har det også skjedd ei endring i etterspørselen, mellom anna fordi meir av fisk blir seld i daglegvarebutikkar og mindre til hotell og restaurantar.
Ein langsiktig trend med auka etterspørsel etter foredla produkt har skote fart under koronakrisa, fortel Ocean Supreme i årsmeldinga for 2020. Det betyr meir filetar og produkt pakka for å ta rett ut av kjøle- eller frysedisken, i staden for heil fisk.
Det betyr mellom anna reduserte fraktkostnadar, fordi hovud, ryggbein og avskjer ikkje blir att i Noreg.
Aukar utbyttet
Ocean Supreme sysselsette 17 årsverk i 2020. Dagleg leiar Botholf Stolt-Nielsen, lakseoppdrettar Gerhard Alsaker og salsdirektør Thomas Lupke er dei største eigarane.
Etter 2019 betalte selskapet ut 10 millionar kroner i utbytte. Etter 2020 foreslår styret å auke utbyttet til 20 millionar kroner, det same som etter 2017 og 2016. Etter 2018 vart det ikkje betalt ut utbytte.
Publisert: 17.02.2021 13:05
Sist oppdatert: 18.02.2021 12:05