Fem anbefalingar for meir eksport
SKAL GJERE TILPASSINGAR: Næringsminister Iselin Nybø seier ho tek med seg innspela når det skal bli gjort tilpassingar i det eksportretta verkemiddelapparatet neste år. 
Nytt

Fem anbefalingar for meir eksport

Bedriftene meiner dagens ordning er for lausrive og lite strategisk. No har eit panel kome med sine råd til næringsministeren.

Marius Rosbach
22.12.2020

Regjeringa har i lengre tid jobba med ein ny politikk for å auke eksporten frå norsk næringsliv. Tilbakemeldingane frå næringslivet har vore at dagens ordning er for fragmentert, lite strategisk og for langt frå bedriftene.

I oktober kom ein handlingsplan som mellom anna innebar ei sterkare satsing på klyngene og opprettinga av ei ny eining «Business Norway», som skal jobbe aktivt saman med næringslivet for å fremme eksport.

Møter med eksportpanel
Dei siste vekene har næringsminister Iselin Nybø hatt fleire møter med eit midlertidig eksportpanel, sett saman av personar med bakgrunn frå ulike bransjar som driv med eksport.

No har næringsministeren fått fem overordna anbefalingar om vegen vidare frå panelet, ifølgje ei pressemelding.

  • Næringslivet må involveres i eksportfremmearbeidet i større grad enn i dag.
  • Eksportfremmearbeidet må være bedre koordinert og aktørene i det eksportrettede virkemiddelapparatet må samarbeide mer strategisk enn i dag.
  • Mål og prioriteringer for eksportfremmearbeidet må utvikles i samarbeid mellom næringsliv og myndigheter. Det generelle eksportfremmearbeidet må styrkes, og det må i tillegg identifiseres noen felles utvalgte strategiske satsinger som ledes av «Business Norway».
  • Mål og prioriteringer både for det generelle eksportfremmearbeidet og de strategiske satsingene må være basert på oppdaterte faglige analyser av norsk næringslivs kompetanse og markedsmuligheter internasjonalt.
  • For å nå målene og ivareta prioriteringene må det utarbeides forpliktende strategier og tiltak, hvor også næringslivet bidrar med ressurser.

Fleire meiner også at det bør peikast ut nokre utvalde strategiske satsingar. Tilbakemeldingane har gått på at det bør vere tydeleg kva bedriftene får igjen for å delta i eit meir forpliktande samarbeid.

Ordningar som Norges Sjømatråd og Norwegian Energy Partners blir trekt fram som vellukka døme, der styresmaktene og næringslivet jobbar saman om mål og prioriteringar.

Norge har tapt på eksportmarknaden
Bakgrunnen for arbeidet er at ingen andre land i Europa har tapt meir eksportvolum enn Norge dei siste 20 åra. Samtidig er det venta lågare inntekter frå olje- og gassnæringa, som gjer at det vil vere behov for meir eksport frå andre bransjar framover.

Ein Menon Economics-rapport som blei lagt fram i august peika mellom anna på at Norge bør la seg inspirere av korleis Sverige og Danmark jobbar med eksport.

Reve: – For mykje forsking og for lite sal
BI-professor Torger Reve sa til NETT NO i fjor at han meinte ein nøkkel for meir eksport, var å satse på havklyngene – og auka samarbeid mellom dei. På Nordvestlandet meinte han det var behov for høgre grad av kommersialisering.

– Vi må bli langt flinkare til å kommersialisere og skalere globalt. Vi har alt for mange som driv med forsking og alt for få som driv med sal, sa Reve.

Les også: Auka eksport i kriseåret

Russland fyller ordrebøkene

Synspunkt: Norge fører en gammeldags handelspolitikk

Reve: – Norge har framleis eit problem

Gir tre anbefalinger til hvordan Norge kan bli bedre på eksport

Synspunkt: Grønn skipsfart uten industriell tilnærming


Publisert: 22.12.2020 09:30

Sist oppdatert: 02.06.2021 00:49