Femårsavtale for Remøy Shipping
Ny avtale med Equinor kan gi ammoniakk-drift for forsyningsskipet Rem Eir.
Forsyningskipet Rem Eir har vore utleigd på oljeselskapet Equinor og segla i Norsjøen sidan det vart levert i 2014. No har Equinor leigd fartøyet i fem år frå 28. mai i år, med høve til å forelenge avtalen i eitt pluss eitt pluss eitt år.
Prisen for å leige ut skipet har gått opp, stadfestar adminsterande direktør Karl-Johan Bakken i Remøy Shipping.
- Det er ei tydleg forbetring samanlikna med ratenivået vi har hatt, seier han.
Kan blir ammoniakk-drivstoff
Remøy Shippping samarbeider med motorprodusenten Wärtsila, som er i gang med å utvikle ein system for bruk av ammoniakk som drivstoff.
Avtalen med Equinor innber at Rem Eir kan kome til å legge om til bruk av ammoniakk som drivstoff, og NETT NO anslår at det kan skje omlag midtvegs i kontraktsperioden.
Nytt drivstoffsystem
Motoren i Rem Eir brukar ein kombinasjon av flytande naturgass (LNG) og diesel. Den er bygd slik at naturgassen kan erstattast av ammoniakk, eit drivstoff som berre gir vatn som utslepp.
Det som må skiftast ut og erstattast om fartøyet skal gå på ammoniakk er drivstofftankane og systemet for å få ammoniakken klar og fram til motoren.
Publisert: 11.03.2022 15:33
Sist oppdatert: 13.03.2022 10:01