Eldar Farstad Havfisk
CO2-KUTT: Lerøy Havfisk-sjef Eldar Farstad vil først vite om ammonikk kan bli den nye energikjelda for fiskeflåten, før Lerøy Havfisk vurderer nybygg. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

I spissen for ammoniakk-satsing

Lerøy Havfisk planlegg ikkje nybygg før dei har funne ut om amoniakk kan vere drivstoff for fiskeflåten.

17.02.2022

Reiarlaget er no pilotbedrift i eit prosjekt for å finne svaret.

Lerøy Havfisk-sjef Eldar Farstad ventar at det om eit års tid er råd å svare på om ammoniakkprosjektet er verdt å gå vidare med eller ei.

Før det er avklart kjem ikkje fiskebåtreiarlaget i Ålesund, som er eit datterselskap i Lerøy Seafood Group, til å bestille nye fiskebåtar. Selskapet har ti trålarar i dag og torsk er det viktigaste fiskeslaget.

Ammoniakk kan brukast som energiberar akkurat som hydrogen. Fordelen samanlikna med hydrogen er at meir energi kan lagrast på mindre plass, ei utfordringa er at ammoniakk er giftig.

Både ammoniakk og hydrogen er energiberar som ikkje gir utslepp av CO2. Dersom ammoniakken og hydrogenet er produsert med vasskraft eller vindkraft vil det vere snakk om eit CO2-utsleppsfritt drivstoff.

Skipsdesignselskapet Skipteknisk er samarbeidsparnar og blant partnarane er også Vard, Wärtsila og DNV.

Les meir om prosjektet her

Skal kutte CO2-utslepp
Lerøy Seafood Group har eit mål om å kutte konsernet sine CO2-utslepp med 46 prosent innan 2030, og prosjektet som Lerøy Havfisk står i spissen for er eitt av tiltaka for å nå det målet.

Eldar Farstad seier fleire alternativ blir vurdert, også ammoniakk saman med diesel.

I november i fjor offentlegjorde Loran-reiarlaget på Godøya av selskapet samarbeider med Skipsteknisk om å utvikle ein fiskebåt som kan gå på hydrogen.

Oppsving i prisen
I 2020 fiska Lerøy Havfisk ein relativ stor del av torskekvoten sin tidleg på året, før koronakrisa kom og førte til eit prisfall på fisken.

I fjor spreidde selskapet fisket meir utover. Det gav ein gevinst, ved at meir fisk blei tatt i slutten av 2021, etter at prisen hadde stige.

I år er torskekvotane redusert med 20 prosent. Også hysekvotene er redusert, men Eldar Farstad reknar med at prisoppgang vil gjere at Lerøy Havfisk kjem til å få like høge fangstinntekter i år som i 2021.

På minussida kjem høgare drivstoffkostnadar. Med dagens oljepris er det snakk om "ein betydeleg" kostnadsauke samanlikna med 2021, seier Farstad.

Lerøy Havfisk er ein del av villfisk-segmentet i Lerøy Seafood, som også omfattar fiskeforedlingselskapet Lerøy Norway Seafoods, med i alt 12 foredlingsanlegg og fiskemottak. Lerøy Norway Seafoods betra resultatet i 4. kvartal 2021 samanlikna med 4. kvartal 2020, trass i høgare fiskeprisar. Grunnen er operasjonelle forbetringar og vesentleg betre tilgang på råvarer, ifølgje kvartalsrapporten for 4. kvartal 2020.

Les børsmelding her

Villfisk-segmentet, Lerøy Seafood Group ASA

4. kvartal

20212020
Driftsinntekter620520
Driftsresultat73-10
Villfisk-segmentet, Lerøy Seafood Group ASA

Pr. 4. kvartal

20212020
Driftsinntekter26952574
Driftsresultat340205
Lerøy Seafood Group ASA (konsern)
Pr. 4. kvartal20212020
Driftsinntekter2307319960
Driftsresultat36041123
Resultat før skatt3532987

Publisert: 17.02.2022 11:34

Sist oppdatert: 17.02.2022 13:56

Mer om