Skjermbilde 2021 11 18 kl 11 23 33
NYBROTSARBEID: Loran-reiarlaget på Godøya og Skipsteknisk i Ålesund presenterte hydrogen-prosjektet sitt på ein pressekonferanse i dag.
Nytt

Loran-reiarlaget satsar på hydrogen

Blir verdas første havgåande fiskebåt med hydrogen som drivstoff.

18.11.2021

Enova gir 92,5 millionar millionar kroner i støtte til ny garn- og linebåt som skal kutte CO2-utslepp ved å bruke hydrogen som energikjelde i kombinasjon med diesel.

Dieselforbruket kan i første omgang reduserast med 40 prosent samanlikna med eit fartøy som berre går på diesel, ifølgje Inge Bertil Straume i skipsdesignselskapet Skipsteknisk, som samarbeider med reiarlaget om å utvikle fartøyet.

Går alt som det skal kan fartøyet vere ferdig i 2024.

"Selv om prosjektet ikke vil gi nullutslipp, anser Enova det likevel som et første viktig steg på veien, for å få demonstrert bruk av hydrogen og brenselceller i fartøy", seier administrerande direktør Nils Kristian Nakstad i Enova i ei pressemelding.

Håpar på norsk verft
Reiar Ståle Otto Dyb seier reiarlaget på Godøya ville ha ein båt som dannar grunnlaget for eit grønt skifte i fiskeri. Han håpar også fartøyet kan byggast i Noreg, mellom anna fordi det er tryggare å ha verftet nær i eit nybrotsarbeid som utvikling og bygging av eit slikt fartøy er.

Inge Bertil Straume i skipsdesignselskapet Skipsteknisk seier "norske verft er veldig interessante" når det gjeld å byggje fartøyet.

Utviklingsprosjekt
I første omgang er det snakk om eit utvilingprosjekt, der det i løpet av neste år blir klart om ideen blir sett ut i livet.

Partane ønskjer ikke å seie noko om prisen på fartøyet, men Straume seier at tilskotet frå Enova er eit godt tilskot, men ikkej fullt ut dekkjer ekstrakostandane ved å bygge eit fartøy med hydrogen som energikjelde.

Fleksibelt fartøy
I utgangspunktet er planane å lagre hydrogen under trykk i kontainerar på dekk, men reiarlaget har ikkje låst seg til den løysinga.

Fartøyet er teikna slik at det kan endrast på dersom det viser seg at andre energiberarar er meir effektive, til dømes flytande hydrogen, metanol eller ammoniakk.

Ifølgje Straume har Norwegian Hydrogen i Ålesund, og også andre produsentar, sagt at dei kan levere hydrogen til fartøyet. Hydrogen som er produsert ved elektrolyse er ein energiberar utan utslepp av CO2.

Hydrogen som energiberar blir omdanna til elektrisk kraft i ei såkalla brenselscelle. Krafta skal lagrast i batteri, og brukast til å drive motorane saman med energi frå dieselmotorar.

Loran-reiarlaget fiskar i dag med "Loran", som blei bygd i 1999 og ombygd og utbetra sidan. Ståle Otto Dyb seier reiarlaget har nok kvote til å kunne fiske med to fartøy, men om det skal gjerast når nytt fartøy er på plass førebels ikkje avgjort.

Vil ha kutt
Solberg-regjeringa la tidleg i år fram eit melding om korleis den ville få ned utsleppa av CO2, mellom anna for fiskeflåten.

Fram til 2030 skal avgifta for å sleppe ut CO2 gradvis aukar, til 2000 tonnet. Det betydde ei dobling av drivstoffkostnadane samanlikna med prisen då meldinga kom.

Dåverande klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn meinte fiskebåtreiarane hadde fått god tid til å omstille seg.

- Det er ikkje veldig mange rammevilkår for ulike næring som vi gir signal om ti år fram i tid. Eg kjem faktisk på eit einast eitt, så det er i utgangspunktet ein god tidshorisont, sa Rotevatn til NETT NO i august i år.

Publisert: 18.11.2021 11:02

Sist oppdatert: 18.11.2021 13:32

Mer om