FHI Krevjande balansegang i vente
KORONA: Forskar Petter Elstrøm ved Folkehelseinstituttet (FHI) trur smittetala vil auke når koronagrepet på samfunnet blir løyst. Tida framover vil bli ein krevjande spagat mellom å få samfunnshjula i gang att og samtidig sikre at sjukehusa greier å handtere fleire koronasjuke, meiner han. 
Nytt

FHI: Krevjande balansegang i vente

Det er all grunn til å tru at smittetala vil auke når koronatiltaka gradvis blir sleppte opp, meiner forskarar ved Folkehelseinstituttet (FHI).

22.04.2020
NPK-NTB-Bibiana Piene: – Vi går ikkje ut frå at smittetalet vil halde seg så lågt som no. Det vil auke, seier forskar Petter Elstrøm ved FHIs avdeling for smittevern og beredskap til NTB.
Frå 5. april og fram til tysdag har det vore i gjennomsnitt 89,7 nye tilfelle av koronasmitte per dag, viser ein gjennomgang NTB har gjort. Det er omtrent halvparten av det FHI såg for seg i den siste risikorapporten sin for litt over to veker sidan. Der rekna dei med 175 nye registrerte smittetilfelle dagleg.
Ein ny risikorapport er venta seinare denne veka.

– Ikkje over smittetoppen

Den siste tida har reproduksjonsraten (R) lege på i underkant av 0,7, det vil seie at kvar smitta i gjennomsnitt overfører viruset til færre enn éin ny person. Dei siste dagane har òg talet på kor mange koronasjuke som blir lagde inn på sjukehus, gått jamt nedover. Tysdag var talet 144, det lågaste på éin månad.
– Den samla effekten av alle tiltaka har vore veldig god, og folket har i veldig stor grad slutta opp om råda. Vi kan klappe oss på skuldra og seie at vi har klart oss bra. Utfordringa no er å halde fram i same spor, seier Elstrøm.
– Er vi over den verste smittetoppen?
– Det sannsynet er dessverre ikkje så stort. Det er ikkje sånn at dette viruset forsvinn, konstaterer FHI-forskaren.

Høgare R-tal

Måndag opna barnehagane, og til veka blir det liv i småskulen. I tillegg kan mellom anna frisørar og fysioterapeutar opne dørene. FHI-forskaren trur at lempinga vil medføre at smittetalet aukar.
– Det er fordi vi går ut frå at R-talet er lågt på grunn av tiltaka som er sette inn. Når ein løyser opp tiltaka, vil det medføre at folk har meir kontakt enn dei har hatt hittil. Det aukar risikoen for spreiing, seier Elstrøm.
Nesten 100 norske kommunar er framleis fri for koronasmitte, men Elstrøm trur ikkje det vil halde fram.
– Det er mest sannsynleg at dei fleste av desse vil få smittetilfelle. Eg ville vorte overraska om kommunar som ikkje har tilfelle i dag, ikkje får nokon tilfelle etter kvart. Vi ventar jo ei spreiing over lang tid.

Må balanserast

Samtidig må smittetala balanserast mot skadeverknadene av tiltaka, både dei økonomiske og helsemessige, peikar FHI-forskaren på.
– Det er dette vi er midt i no. Vi har fått kontroll over den ekspansive smittespreiinga vi hadde i starten, og over ei viss tid no har talet på personar som kan smitte vidare, vorte stadig lågare. Då tenkjer vi at tida er inne til å opne opp att.
Men balansegangen framover mellom eit opnare samfunn og meir smitte er krevjande, medgir han.
– Dersom situasjonen blir langvarig, er det ein vanskeleg vurdering korleis vi kan halde oppe god kontroll over lang tid, samtidig som samfunnsfunksjonane trer i kraft att.
– I beste fall vil vi kunne klare å få samfunnet i gang att og eit R-tal som ligg rundt 1. Då vil vi framleis ha ganske god kontroll og samtidig halde samfunnshjula i gang.
Men dersom R-talet kjem over 1, vil talet på smitta auke att.
– Då vil vi måtte stramme til att, seier Elstrøm.

Unngå respiratorkø

Samtidig har strategien med å stengje for å bremse spreiinga mest mogleg og kjøpe seg tid, så langt vore vellykka, meiner han. Det har gjort sjukehusa i stand til å auke både beredskapen og kapasiteten.
– Det som er aller viktigast ved ei større spreiing, er at belastninga på sjukehusa ikkje blir altfor stor. Vi må framleis sikre god kapasitet på sjukehusa og at alle som treng det, får respiratorbehandling.
– Vi må unngå at folk døyr i respiratorkø. Det er det folk har gjort i Italia og New York, seier Elstrøm.
Det som er aller viktigast ved ei større spreiing, er at belastninga på sjukehusa ikkje blir altfor stor

Publisert: 22.04.2020 11:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56