STADT besokjer BERGEN Engines 1
SAMARBEID: Stad Naval-sjef Hallvard Slettevoll har fått ein samarbeidsavtale han meiner gir selskapet ein god posisjon i konkurransen om oppdrag knytt til bygging av nye fartøy til forsvaret. Til venstre Salssjef Trond-Inge Grønnevik frå Bergen Engines.
Kort fortalt

Stadt Naval-avtale med Bergen Engines

Skal utvikle heilnorsk framdriftsløysing saman.

29.10.2025

Bergen Engines og Stadt Naval går saman med mål om å utvikle og levere ei heilnorsk, integrert diesel-elektrisk framdriftsløysing for framtidas marinefartøy, skriv Stadt Naval og Bergen Engines i ei pressemelding. 

Det er motorar og teknologi frå dei to selskapa som skal smelte saman i eit framdriftsystem, der alt blir produsert i Noreg og Europa. 

Pressemeldinga fortel også at framdriftssystemet blir fritt for komponentar som krev sjeldne jordartar. (Kina har ein dominerande posisjon i utvinning av sjeldne jordartar, som er viktige i mange elektronikkprodukt, red. anm.)

– Bergen Engines og Stadt Naval står med dette svært godt posisjonert i forhold til den komande flåtefornyelse i sjøforsvaret, skriv dagleg leiar Hallvard Slettevoll i Stadt Naval i ein epost til Nett No. 

Publisert: 29.10.2025 09:21

Sist oppdatert: 29.10.2025 16:18

Mer om