Bilde 2023 05 02 053414873
ARBEIDSTØY: B. Rongve sel ei rekke ulike arbeidstøy. Foto: B. Rongve
Nytt

Fin opptur for B. Rongve

Familiebedrifta i Ålesund hadde rekordomsetning i fjor. Snudde minus til pluss.

03.05.2023

Fjerde og femte generasjon Rongve styrer i dag B. Rongve i Ålesund. I 2022 sette selskapet omsetningsrekord med 19,8 millionar kroner, 2,5 millionar meir enn året før.

Resultatet før skatt enda på 458.000 kroner i pluss, mot minus 24.000 kroner i 2021.

(saka held fram etter tabellen)

B. Rongve
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 19,8 17,3
Driftsresultat 0,4 0,03
Resultat før skatt 0,4 -0,02

Starta med knivar
Firmaet starta som ein utstyrsleverandør til fiskarar, med knivar som sin spesialitet.

Etter kvart vart det satsa stort på ulike typer arbeidstøy. I 70 år heldt ein til i Berset-bua, men i 1994 vart bua seld og B. Rongve starta sin eigen sportsbutikk i sentrum. Etterpå har det vorte meir flytting og fleire butikkar, både i sentrum og på Moa.

Nettbutikk
Etter at store kjeder på sportsutstyr satsa i Ålesund, starta B. Rongve i 2016 eigen nettbutikk, og i 2020 opna ein den tredje Rongve-butikken i Ålesund, denne gongen på Amfi Moa Øst.

Butikken er ifølgje heimesida utstyrt med varer frå blant anna Scandinavian Explorer, Devold, TwentyFour og Ålesund Oljeklede.

B. Rongve har ein samla eigenkapital på 2,4 millionar kroner og 2,2 millionar i langsiktig gjeld.

I 2022 sysselsette selskapet seks årsverk.

Steinar, Bengt og Eli Karin Rongve eig 55,6 prosent, medan dagleg leiar Bent Rongve eig 33,3 prosent og Viktor Rongve 11,1 prosent. Han er femte generasjon Rongve etter Amund Rogne som i 1862 starta firmaet A. Rongve.

Publisert: 03.05.2023 09:00

Sist oppdatert: 03.05.2023 07:47

Mer om