Finansierer fabrikk
INVESTERER: Hofseth Biocare sitt fabrikkanlegg i Midsund blir utvida slik at heile produksjonen kan samlast på ein stad.
Nytt

Finansierer fabrikk

Kapitalutviding i Hofseth Biocare finansierer mellom anna utviding av fabrikken i Midsund.

29.07.2019
Hofseth Biocare er i gang med eit utviding av fabrikken på Midsund for 80-90 millionar kroner, og pengane frå kapitalutvidinga på 118 millionar kroner som selskapet har gjennomført skal mellom finansiere utbygginga.

Utvidinga i Midsund gjer det anna råd å samle heile produksjonen på ein plass. Produksjonen blir meir effektiv og produktspekteret kan utvidast.

I tillegg til anlegget i Midsund skal pengane frå kapitalutviding finansiere auka innsats i marknadsføring og sal, og fleire og større studiar av helseffektar av Hofseth Biocare-produkt.
Hofseth Biocare vidareforedlar avskjær og restavfall for oppdrettsfisk, og lagar ulike typar produkt - mellom anna helsekostprodukt - basert på fiskebein, protein og fiskeolje.
I førre veke gjekk selskapet ut og inviterte investorar til å skyte inn meir pengar i selskapet. Fredag ettermiddag var målet nådd, men fristen for å teikne seg blei utsett til i dag - mandag 29. juli - klokka 08:00. Den endlege oppteljinga viser at kapitalutvidinga vart overteikna, skriv selskapet i børsmeldinga i dag. Selskapet kjem seinare i dag med ei børsmelding om korleis aksjane blir fordelt.

Publisert: 29.07.2019 08:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38