Finnøy gear kontrakt skuleskip illustrasjon KIMFT
SKULESKIP: Finnøy Gear og Popeller skal leverer utstyrspakke til neste generasjons skuleskip i Sør-Korea. Illustrasjon: KIMFT
Nytt

Finnøy sikra arbeid på skuleskip

Utstyrsleverandøren har auka ordreinngangen og hanka inn ny avtale i Sør-Korea.

Marius Rosbach
24.10.2023

Finnøy Gear og Propeller har sikra seg ein omfattande leveranse om bord på eit skuleskip i Sør-Korea. Oppdraget kjem frå Korean Institute of Maritime and Fisheries Technology (KIMFT), iføgje ei pressemelding.

Skuleskipet skal byggjast ved JAHI-verftet i Sør-Kora.

Betydeleg kontrakt
Leveransen har ein verdi på meir enn ti millionar kroner får NETT NO opplyst. Den er såleis ei betydeleg kontrakt for bedrifta på Finnøy ved Harøya.

Finnøy skal levere eit omfattande framdriftssystem med hybrid girkasse og ein stor vridbar propell saman med nyaste generasjons system for fjernkontroll.

Fartøyet får integrert akselgenerator og elektrisk motor som gir moglegheit til å veksle saumlaust mellom dieselhovudmotoren og elektromotoren.

Har auka ordreinngangen
Avtalen er berre ein av fleire ordrar som Finnøy har sikra seg i det siste.

Salssjef Arne Nogva vil ikkje spå om resultatet hamnar på pluss- eller minussida i 2023, men opplyser at bedrifta har auka ordreinngangen betydeleg i år, samanlikna med fjoråret

2022 vart det første underskotsåret for den tradisjonsrike bedrifta på meir enn ti år.

Deltek på norsk paviljong i Sør-Korea
Salssjefen er for tida på Kormarine-messa i den koreanske hamnebyen Busan. Det er eit samlingspunkt for fagfolk, ekspertar og entusiastar frå maritime bransjar over heile verda.

Der er Finnøy Gear & Propeller representert ved Team Norway-paviljongen, som viser løysingar til ein rekke leiande maritime selskap frå Norge.

Finnøy gear kontrakt KIMFT Foto Finnøy Gear og Propeller 22
I SØR-KOREA: Salssjef Arne Nogva (nr. 2. f. h.) med representantar frå Korean Institute of Maritime and Fisheries Technology (KIMFT). Foto: Finnøy Gear og Popeller

Blitt ein internasjonal aktør
Utstyrsprodusenten leverer alt frå gir, propellar, dyser og fjernstyring til sjøs frå basen på Finnøy.

Grunnleggjaren Nils N. Finnøy vert rekna som skaparen av den første norske båtmotoren for fiskeflåten, og selskapet har vakse til ein internasjonal aktør.

På heimebane har selskapet konkurrentar som Nogva Heimdal, Brunvoll og Kongsberg Maritime, frå utlandet Man og Wärtsila.

Publisert: 24.10.2023 09:58

Sist oppdatert: 24.10.2023 10:06