Arild Skoge Kongsberg Maritime foto Marius Rosbach 11
STANDARDISERT MODELL: Arild Skoge frå Kongsberg Defence & Aerospace fortel kor langt industrien er komne i arbeidet med eit standardisert krigsskip omtala som «Vanguard». Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ber om halv milliard til pilotfartøy

Kongsberg står i spissen for militærsatsing som dei også trur andre land vil vere interesserte i å kjøpe.

Marius Rosbach
11.09.2023

Det norske sjøforsvaret vil ha behov for opptil minst 20 sokalla flåtefartøy dei neste åra.

Kongsberg Gruppen har i samarbeid med ein rekke andre maritime bedrifter utvikla ei standardisert løysing – som dei også trur kan vere attraktiv å selje til utlandet.

– Å gjennomføre eit slikt byggjeprogram vil bety mykje og kan sikre norsk maritim næring ei botnlinje vi heile tida kan stole på vil vere der. Då kan norsk maritim næring fortsatt vere verdsleiande fremover, og samtidig vere til stor nytte for det norske forsvaret, fortel Arild Skoge, som er salssjef for maritime forsvarsløysingar hos Kongsberg Defence & Aerospace til NETT NO.

Fredag fortalde salssjefen om arbeidet til fagforeiningsleiarane Jørn Eggum og Mette Nord, som besøkte utstyrsleverandøren sitt anlegg i Ulsteinvik saman med ein rekke lokalpolitikarar.

Vil involvere heile bransjen
Skoge påpeiker at Kongsberg langt frå har gjort jobben åleine, og trekte fram samarbeid med både design- og klasseselskap. Utgangspunktet er ein standardisert skipsmodell, der ein kan ha ulike våpensystem, dekksmaskineri eller tekniske løysingar om bord.

I arbeidet med å utvikle piloten er det funne over 200 ulike norske bedrifter som kan vere med å bidra med utstyr til slik flåtefartøy. Dei fem verfta, Myklebust Verft, Green Yard Kleven, Ulstein Verft, Westcon og Fosen Yard, er også med i samarbeidet.

–Det betyr at dette kan bli ei nasjonal satsing som involverer industrien langs heile kysten, óg sikre beredskapen, seier Skoge.

Dag Johan Skarbø Jørn Eggum foto Marius Rosbach 11
ULSTIENVIK: Plassjef Dag-Johan Skarbø (t.h.) ved Kongsberg Maritime i Ulsteinvik tok mellom anna mot Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum i Ulsteinvik før helga. Foto: Marius Rosbach

Treng ein halv milliard til pilot
Kongsberg-salssjefen fortalde at industrien så langt har brukt kring 50 millionar kroner av eigne midlar til å utvikle prosjektet.

Då han vart utfordra av politikarane som var til stades om kva dei trengde, var svaret klart: Ein halv milliard til å starte arbeidet med å lage ein pilot.

I løpet av arbeidet har dei mellom anna sjekka pris med dei fem samarbeidsverfta, og heile tida undersøkt korleis ting kan gjerast smartare, eller meir rimeleg.

– Vi har gjorde også ei ekstra prising for å sjekke at vi faktisk klarer å halde kostnadane ved å bygge ved norske verft, og så veit vi at det er utfordrande med tanke på skrogbiten, seier Skoge.

– Vi har ein moglegheit no
Kongsberg-salssjefen meiner det nettopp no er gode sjansar for norsk maritim industri til å tenke større enn Norge, når ein rekke andre land planlegg å ruste opp sine sjøforsvar.

– Vi har aldri eksportert krigsskip før, men vi har ein moglegheit no ved å sette saman eit heilt fartøy sjølv. Dei kan nyttast til å patruljere kysten ved andre land - og vi kan selje det ved hjelp av norsk kompetanse og arbeidsplassar.

I Danmark har bransjen gått samen med styresmaktene om å sette i gong med bygging av militærskip ved eigne verft. Dei har også invitert inn andre land til å delta i satsinga.

Skoge meiner toget likevel ikkje er gått, og viser til at fleire land sørover i Europa også har planar om opprusting.

Meiner Norge bør auke tempoet
I den gjeldande langtidsplanen for det norske forsvaret ligger større investeringar i flåten først inne frå år 2028. Skoge meiner Norge bør auke tempoet betydeleg.

– Vi kan bygge den første piloten på 30 månader, seier han.

Skoge påpeiker at teknologiutviklinga i den sivile skipsfarten held eit langt høgare tempo, enn i den delen av maritim industri som leverer militære skip.

– Vi må tørre å ta i bruk ny teknologi og ting vi utviklar i Norge, også på forsvarssegmentet, legg han til.

Vil ha meir miljøvennlege militærskip
Beredskap ved hjelp av vedlikehaldsbasar langs kysten er også ein del av forsvarsprosjektet. Skoge viser til at med Sverige og Finland inne i Nato, så vil Norge sin kystlinje bli endå meir strategisk viktig.

Han trur også miljø vil vere viktig. Skipa som blir bygd no skal vare i 40 år – og då er store delar av skipsfarten venta å ha gått over til løysingar med langt lågare utslepp.

– Difor må vi også tørre å gå for miljøvennleg teknologi i forsvaret, seier han.

Publisert: 11.09.2023 13:18

Sist oppdatert: 11.09.2023 19:00

Mer om