Stig Remøy Tore Ulstein foto Marius Rosbach 11
VIL HA CO2-FOND: Olympic Subsea-reiar Stig Remøy (t.v.) og Ulstein Group-eigar Tore Ulstein meiner eit CO2-fond for å hjelpe maritim næring med grøne investeringar, er avgjerande for å få opp tempoet i klimakutta. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Grønt maritim skifte: – Kjem med veldig lite pengar

Tore Ulstein meiner regjeringa si satsing nærast er ein hån mot næringa. Stig Remøy trur klimafond tvingar seg fram.

Marius Rosbach
22.09.2023

Sjefanalytikar Thina Saltvedt i Nordea innleia årets klyngekonferanse med å slå fast at investeringane i fornybarsektoren måtte aukast kraftig, om ein skal ha sjanse til å nå måla om å kutte klimautslepp.

Ulstein Group-eigar Tore Ulstein og Olympic Subsea-reiar Stig Remøy er samde om at regjeringa må auka den maritime satsinga betydeleg – om tempoet skal girast opp slik Saltvedt viser til.

– Omstilling kostar pengar – og det har ikkje regjeringa forstått enno, seier Ulstein til NETT NO.

Nærast ein hån mot næringa
Då Ap-Sp-regjeringa flytta inn i regjeringskontora, blei forventingane i bransjen stilt høgt etter fleire lovnader om maritim satsing. Ulstein meiner det som er kome på bordet til no, nærast er ein hån mot næringa.

– Berre i Ulstein Group har vi brukt meir enn 1,2 milliardar kroner på omstilling frå 2014 fram til i dag. Det er ganske mykje pengar for ei bedrift som oss, seier han.

– Trur dei forstår utfordringa
Ulstein meiner det største bidraget til dagens regjering, har vore å auke kostnadene til bedriftene.

– Dei har gjort det mykje dyrare å vere norsk eigar. Samtidig ønsker dei at vi skal investere meir i det grøne skiftet, men kjem med veldig lite pengar, seier han.

– Årsaka er vel at regjeringa meiner næringa klarer seg godt sjølv? Eller forstår dei ikkje behovet?

– Eg trur dei forstår utfordringa, men at dei likevel ikkje har kraft til å gjere noko med det, svarar Ulstein.

Årets klyngeanalyse frå Menon Economics spådde vekst og framleis gode tider for store delar av maritim næring. Samtidig er det meir uvisse kring lønnsemda– og særleg verfta trur på lågare aktivitet framover.

Klyngekonferansen 2023 salen Foto Marius Rosbach 11
VEKST I SIKTE: Det er vekst i sikte, men meir uvisse kring lønnsemda framover, viste årets klyngeanalyse frå Menon Economics som blei lagt fram på den årlege konferansen på Norsk Maritimt Kompetansesenter torsdag. Foto: Marius Rosbach

– Eit politisk val
Olympic Subsea-reiar Stig Remøy legg ikkje skjul på at han har «litt ulike» meiningar enn regjeringa om kva som trengst for å få fart på det grøne skiftet til havs.

Han påpeiker at norsk maritim industri er leiande på teknologi som kan gi lågare utslepp i skipsfarten – og den kan eksporterast til heile verda.

– Det ser regjeringa tydeleg ikkje så klart som vi gjer her, legg han til.

Remøy forstår at regjeringa vil ha omfordeling av pengar til ulike formål, men påpeiker at det også kan gjerast ved å lage «heile kaka» større.

– Kanskje er det betre å investere i ny teknologi som skaper arbeidsplassar og framtidige skatteinntekter. Det er eit politisk val om kva verkemiddel ein er villig til å nytte, seier han.

Samde om behovet for CO2-fond
Tore Ulstein og Stig Remøy er ikkje i tvil om kva som er det beste enkelttiltaket for få opp tempoet i det grøne skiftet i maritim sektor.

– Eit CO2-fond kunne hjelpt næringa til å investere i ny teknologi, seier Ulstein.

Når Stig Remøy til eksempel byggar skip hos Ulstein Group – slik han skal gjere dei neste åra – meiner Ulstein at reiaren bør få draghjelp frå styresmaktene for meirinvesteringane i grøn teknologi på skipa.

– Vi har sett det i mange samanhengar at ting er dyrt i starten, men når det først blir teke i bruk går kostnadskurva nedover – og etter kvart blir det like konkurransedyktig som anna teknologi, seier Ulstein.

Trur CO2-fond tvingar seg fram
Tanken om CO2-fond er ikkje ny – og Stig Remøy er ein uttalt tilhengar.

– Det er teknologi på plass som gjer at vi kan kutte utslepp ti og kanskje tjue prosent allereie, men den er dobbelt så dyr. Om vi skal bruke den, så treng vi eit fond slik at leverandørindustrien kan skalere opp og få i gong masseproduksjon, seier Remøy.

Ulstein meiner utfordringa for regjeringa, er at midlane til eksempel frå dagens Co2-avgift, allereie er sett av til andre formål.

– Eg trur dei blir tvinga til å innføre eit CO2-fond, skyt Stig Remøy inn.

– Ingenting vil vere betre enn det, og eg håpar du får rett, svarar Ulstein.

Open for differansekontraktar
Tore Ulstein har også sansen for sokalla differansekontraktar. Då vil staten, eller oppdragsgivaren, betale meirkostnaden med å ta i bruk ny teknologi til eksempel på ei ferjestrekning.

Men han meiner det både bør innførast CO2-fond for å hjelpe bransjen med investeringane – og differansekontraktar – for å gjere drifta meir lønnsam.

– Då vil dei hjelpe næringa med kostnadene gjennom heile verdikjeda, påpeiker han.

Publisert: 22.09.2023 05:00

Sist oppdatert: 21.09.2023 23:06

Mer om