– Det blir ein forsiktig oppstart med eit avgrensa tal tilsette, så vil vi byggje på etter kvart. I første omgang blir det snakk om ei fullføring av dei prosjekta som ligg ved verftet, seier Gustav Johan Nydal til avisa Firda Tidend.
Etter konkursen i Brødrene Aa i vår kom finske Sunna Defence på banen og inngjekk ei intensjonsavtale saman med Aa-familien sitt selskap Brødrene Aa Eiendom. Målet var ny drift i Hyen, med det finske selskapet som største eigar.
Set stopp
I ei pressemelding fredag 17. oktober skriv Summa Defence at intensjonsavtalen ikkje blir til ein bindande avtale.
"Kontraktsforhandlingane er avslutta fordi dei kommersielle vilkåra som styret i Summa Defence Plc har definert for å skaffe seg majoritetskontroll og etablere eit nytt selskap, ikkje er oppfylte", heiter det i pressemeldinga.
Les også
Drift innan to-tre veker
Gustav Johans Nydal er rådgivar for Brødrene Aa Eiendom og var styreleiar i Brødrene Aa fram til konkursen.
Han seier til Firda Tidend at den viktigaste årsaka til at Summa Defence ikke blir med vidare er at forhandlingane har teke lang tid, og at Aa-familien valde å gå vidare åleine då fristen for intensjonsavtalen gjekk ut.
No er målet å kome i gang med ny drift innan to-tre veker, gjennom selskapet Brødrene Aa Hyen.
Konkurs etter kansellering
Hurtigbåtverftet Brødrene Aa melde oppbod 30 mai i år.
Bakgrunnen var dei økonomiske utfordringane som oppstod etter at Norled kansellerte kontrakten på tre hurtigbåtar under bygging ved verftet i Hyen.
168 tilsette vart råka av konkursen i selskapet som er den klart største private arbeidsgivaren i Hyen.
Tidlegare i sommar vart det starta ny drift i Brødrene Aa sitt anlegg i Eikefjord i Sunnfjord.
Publisert: 19.10.2025 08:49
Sist oppdatert: 20.10.2025 08:53






