Partane planlegg å etablere eit nytt selskap og starte opp att drifta innan slutten av september, ved gradvis å ta inn att tidlegare tilsette for å fullføre prosjekta som var i gang ved verftet og skape ny verksemd skriv Summa Defence Plc og Brødrene Aa Eiendom AS i ei felles pressemelding.
Brødrene Aa Eiendom eig bygg og anlegg i Hyen, og er eigd av medlemer av Aa-familien.
– Vi ser store moglegheiter ved å tre inn med majoriteten av aksjane i det nye selskapet, noko som vil tilføre Summa-konsernet karbonfiberkompetanse, i tillegg til den eksisterande kapasitet vi har innan aluminium og stål. Dette vil styrkje posisjonen vår i skipsbyggingsmarknaden og auke potensialet vårt for skipsbygging til forsvaret. Summa Defence eig frå før to verft i Finland og synergiane mellom Brødrene Aa og desse verfta vil vere viktige, seier konsernsjef i Summa Defence Plc, Jussi Holopainen i pressemeldinga.
Kor stor eigarandel Summa Defence skal ha er ikkje opplyst.
Summa Defence Plc er eit finsk forsvars- og tryggingsteknologikonsern som er notert på børsen i Stockholmm, ifølgje pressemeldinga.
Konkurs etter kansellering
Hurtigbåtverftet Brødrene Aa melde oppbod 30 mai i år.
Bakgrunnen var dei økonomiske utfordringane som oppstod etter at Norled kansellerte kontrakten på tre hurtigbåtar under bygging ved verftet i Hyen.
168 tilsette vart råka av konkursen i selskapet som er den klart største private arbeidsgivaren i Hyen.
Tidlegare i sommar vart det starta ny drift i Brødrene Aa sitt anlegg i Eikefjord i Sunnfjord og no ligg det an til ny drift også ved hovudanlegget i Hyen.
– Vi er glade for å ha funne ein seriøs industriell investor i Summa Defence. Summa Defence vil med dei andre verfta sine tilføre både kapital og kompetanse i den nye drifta og styrkje kapasiteten ved verftet i Hyen, seier Gustav Johan Nydal, representant for Brødrene Aa Eiendom i pressemeldinga.
Publisert: 26.08.2025 15:39
Sist oppdatert: 26.08.2025 16:03






