Fiskebåt-nei til grunnrenteskatt
Regjeringsutval vil ha grunnrenteskatt også på fiskeri. Det vil ikkje administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt.
- Vi har hatt nokre få gode år som isolert sett har hatt ei avkastning ut over normalavkastning i fiskeri. Over tid er imidlertid avkastninga i fiskeri for dårleg til å ilegge grunnrentebeskatning, og det gjeld alle flåtegrupper, seier Maråk.
Fiskebåt er bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen for eigarane av den havgåande fiskeflåten i Noreg.
Det regjeringsoppnemde Skatteutvalet i dag la fram utgreiinga si om endringar i skattesystemet. Der er grunnrenteskatt på fiskeri med. Grunnrenteskatt er skatt på fordelen av å hauste av felles naturressursar og utvalet meiner: "grunnrenteskatt på fiskeri bør utredes nærmere med sikte på å inn- føre en slik skatt i nær fremtid."
Treng pengane
Eitt av Maråk sine argument mot grunnrenteskatt på fiskeri er at det kostar å redusere CO2-utsleppa frå fiskeflåten, som i dag brukar diesel som drivstoff.
Auka skatt vil tappe fiskebåtreiaralaga for midlar som trengst for å fornye fiskeflåten og få ned CO2-utsleppa.
Han seier den gode lønsemda i fiskeri dei siste åra mellom anna er eit resultat av fleire faktorar som samstundes har svinga rett veg for fiskarane, faktorar som også kan snu andre vegen:
Høge kvotar
Høg pris
Låg rente
Gunstig valutakursutvikling
- Ein må sjå på totalbiletet før ein konkluderer som skattelovutvalet her gjer, seier Maråk.
Ny fiskeripolitikk
Fiskebåt meiner ein grunnrenteskatt på fiskeri krev ein ny fiskeripolitikk, med større kvotar på færre båtar og samla sett færre fiskarar enn i dag.
Då vil lønsemda per båt og fiskar gå opp.
- Dersom ein organiserer fiskeria på ein heilt annan måte enn i dag så er det eit grunnlag for ein grunnrenteskatt, slik utvalet konkluderer, seier Maråk.
Ei slik omlegginga manglar politisk støtte.
- Det har ikkje vore ein ynskt politikk, korkje får dagens eller tidlegare regjeringar, eller frå fiskeriorganinsasjonane, medrekna Fiskebåt, seier Maråk.
Publisert: 19.12.2022 13:27
Sist oppdatert: 19.12.2022 22:36