Trygve slagsvold Vedum - Ragnar Torvik - skatteutvalg - skjermfoto regjeringen no
FEKK RAPPORT: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum tok i mot utredningen fra utvalsleder Ragnar Torvik. Nå skal forslagene ut på høyring til april. Skjermfoto: Regjeringen.no
Nytt

Vil redusere formuesskatt, men ha ny skatt på arv

Utval la fram forslag til endringar i skattesystemet.

19.12.2022

(NPK-NTB-NETT.NO): Formuesskatten bør reduserast og delvis blir erstatta av ein skatt på arv, meiner Skatteutvalet. Det kom fram då det regjeringsoppnemnde Skatteutvalet måndag la fram utgreiinga si av skattesystemet i framtida.

Fleirtalet i utvalet meiner at formuesskatten bør reduserast og forbetrast ved å utvide formuesgrunnlaget, fjerne verdsetjingsrabattar og verdsetje ulike formuesobjekt til marknadsverdi, opplyser Finansdepartementet.

Fleirtalet foreslår lettar i formuesskatten både ved monaleg auka botnfrådrag og reduserte satsar. Til saman blir provenyet frå formuesskatten redusert med 8,4 milliardar kroner.

Foreslår å kutte personskatten

Skatteutvalet foreslår å gi lettar i skatten på lønns-, trygde- og næringsinntekter på om lag 40 milliardar kroner,

Utvalet foreslår å redusere skattesatsen med éi prosenteining for alle inntektsnivå, og innføre eit nytt frådrag i arbeidsinntekt. Dette gir lettar på 40 milliardar kroner, som særleg kjem lågtlønte til gode.

– Med forslaga våre blir det skattemessig meir lønnsamt å arbeide. Det vil også stimulere investeringar i privat næringsliv. På denne måten vil skattesystemet bidra til auka verdiskaping i heile økonomien, seier leiaren av utvalet Ragnar Torvik.

Utvalet foreslår at arbeidsfrådraget i lønns- og næringsinntekt blir trappa opp med inntekt opptil eit maksimalt frådrag på 55.000 kroner, som reduserer skatten på arbeidsinntekter med inntil om lag 12.000 kroner. Frådraget blir trappa ned med 5 prosent av arbeidsinntekt over 300.000 kroner.

Les mer om skatteutvalget sin utredning her (ekstern lenke)

Skatt på bruk av eigen bustad
Det må óg bli skatt på fordelane ved bruk av eigen bustad, meiner skatteutval.

Fordelen ved bruk av eigen bustad og fritidsbustad har vore skattefri i Noreg sidan 2004. Samtidig blir det gitt fullt frådrag for private gjeldsrenter, poengterer skatteutvalet, som kom med utgreiinga si måndag.

– Utvalet tilrår at det blir innført skatt på fordel ved bruk av eigen bustad, som blir fasa inn over noko tid, slik at det blir gitt tid til tilpassing. I tillegg foreslår utvalet eit system for gevinstskattlegging av eigen bustad med mindre omgåingsmoglegheiter enn dagens reglar, heiter det i meldinga om utgreiinga.

Utvalet foreslår også at skattefritaket for fritidsbustader blir oppheva. Utvalet meiner at ei slik omlegging skaper rom for å fjerne eller redusere dokumentavgifta.

Publisert: 19.12.2022 10:24

Sist oppdatert: 19.12.2022 12:06

Mer om