Ragnar torvik skjermfoto regjeringen no
UTVALSLEIAR: Økonomiprofessor Ragnar Torvik ved NTNU har leia arbeidet med greie ut skattesystemet. Rapporten skal no ut på høyring til april neste år. Skjermfoto: Regjeringen.no
Nytt

Utval vil ha meir grunnrenteskatt

Leiaren av regjeringa sitt skatteutval er tilhengar av lakseskatt – men vil ha anna utforming.

Marius Rosbach
19.12.2022

Grunnrenteskatten på oppdrettsbransjen vart raskt eit tema under pressekonferansen då regjeringa sitt skatteutval la fram sin rapport måndag.

Slik skattlegging bør brukast meir enn i dag, både på havbruk, vindkraft og fiskeri, tilrår utvalet. Dei viser til Kraftskatteutvalets utgreiing frå 2019 og meiner forslaga herifrå bør følgast opp.

Vedum glad for støtta
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum spøkte med at han allereie hadde forsøkt ut delar av forslaga frå utvalet i haust – og at dei hadde lukkast med å skape debatt.

Det var ei henvisning til debatten om lakseskatten, som har rast i haust.

– Eg er sjølvsagt glad for at dokke gjer dei same vurderingane som vi gjer, kring grunnrenteskatt, sjølv om eg forstår at vi har nokre frådrag og tilpassingar som dokke ikkje har, la Vedum til.

Vil ha lågare sats - framfor frådrag
Utvalsleiar Ragnar Torvik stadfesta at det var mykje likt i forslaget frå utvalet, og det regjeringa la fram tidlegare i haust om ei grunnrente på 40 prosent.

– Men så er det også nokre avvik, påpeika han.

Regjeringa har mellom anna foreslått eit minstefrådrag, som Torvik meiner vil gjere at skatten verkar dårlegare.

– Om ein ønsker at meir av grunnrenta skal vere igjen i havbruksnæringa, så burde ein ikkje gjort det med eit slikt minstefrådrag, men i staden hatt lågare sats, sa Torvik.

Ulikt for små og store selskap
Økonomiprofessoren forklara at regjeringa sitt forslag der store og små selskap blir behandla ulikt, kan føre til ei endring i strukturen i bransjen.

– Det vil vere ei endring som kjem fordi det er lønnsamt i høve skatt, men ikkje fordi det ligg betre effektivitet bak, påpeika Torvik.

Utvalet meiner at stadbundne ressursar som det her snkkast om, kan skattleggjast med høge satsar utan at det påverkar kva investeringar som er lønnsame.

Podium

E19/S3 Kven skal bygge distrikta om kapitalen vert pressa ut av landet?

Trygve slagsvold Vedum - Ragnar Torvik - skatteutvalg - skjermfoto regjeringen no
FEKK RAPPORT: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum tok i mot rappoten frå utvalsleiaren. Skjermfoto: Regjeringen.no

Publisert: 19.12.2022 11:49

Sist oppdatert: 19.12.2022 12:06

Mer om