Fiskeolje kan absolutt smake godt
OMEGA 3: Kvalitets- og utviklingsleiar Anja Helen Haugom ved Marine Ingredients i Brattvåg.
Nytt

- Fiskeolje kan absolutt smake godt

Hos Marine Ingredients i Brattvåg er fleire tilsette med i smakspanel for å teste fiskeoljeprodukta. Det har gitt resultat.

21.04.2017
- Ja, erfaringane er svært gode, og vi har hatt stor nytte av dette smakspanelet, seier kvalitets- og utviklingsleiar Anja Helen Haugom.
Haugom kjem opphaveleg frå Dovre, og starta med smakspanelet for ti år sidan då ho starta i Brattvåg-bedrifta.

Smør- og nøttesmak er bra

Ho seier at det er stor variasjon i smaken på dei ulike produkta, alt etter kva råstoff det er snakk om og korleis produksjonen er gjennomført.
Om oljen smakar nøtt og smør, vert det sett på som positivt. Om oljen derimot smakar tran eller tørrfisk, er det negativt.
- Det er også skilnad i smaken alt etter om det er snakk om fiskeolje frå ansjos, sardin, tunfisk, laks eller torsk.

Vil vere leiande

Målet er at fiskeoljen skal smake godt, og ho meiner at det er muleg å nå dette målet.
- Vi har kome langt, men vi ønskjer å kome lenger og har som mål å vere leiande innanfor sensorisk analyse.
Ho har gått inn i styringsgruppa for det felles bransjeprosjektet der målet er å utvikle ein sensorisk gullstandard for norske Omega 3-produsentar.
- Dette er eit viktig prosjekt, der heile næringa ser behovet for å utvide kunnskapen og få betre verktøy for sensorisk analyse.
- På dette området samarbeider aktørane godt, sjølv vi gjerne er konkurrentar elles.

USA-sal

Marine Ingredients sel mesteparten av produkta til USA og er ein del av The KD Pharma Group, som er ein leiande aktør innan helsekost og farmasi.
Brattvåg-bedrifta produserer Omega 3-produkt i form av konsentrat og naturleg olje av marint råstoff.
Produkta vert brukte i kosttilskot og medisin anten i kapslar eller i flytande form.

Trur på vekst

Anja Helen Haugom har stor tru på at marknaden kan vekse.
- Men då er det viktig at vi kan dokumentere den sensoriske kvaliteten betre enn vi gjer i dag.
Ho ser fram til at ein gjennom det felles bransjeprosjektet kjem endå nærare kundane.
- Det mest spennande med prosjektet er om vi kan få til ein felles bransjestandard som vil gi eit bedre bilde på kvaliteten enn berre dei kjemiske analysane av oksidasjon som vert utførde i dag.
Det er også skilnad i smaken alt etter om det er snakk om fiskeolje frå ansjos, sardin, tunfisk, laks eller torsk

Publisert: 21.04.2017 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:08