Etter å ha vore i drift sidan hausten 2024 trekte Fiskeridirektoratet 23. januar i år attende torskeoppdrettselskapet Ode sitt løyve til å drive torskeoppdrett der.
No har direktoratet snudd i saka på eige intitiativ, og oppheva sitt eige vedtak frå januar i år.
"Ved en fornyet gjennomgang av saken, og etter at det har tilkommet nye opplysninger, ser vi at vedtaket må omgjøres. Endringene er rettet i vedtaket fattet i dag. Vedtak av 23.01.2026 omgjøres av eget tiltak og uten etter klage. Omgjøringsvedtaket er hjemlet i forvaltningsloven § 35 første ledd bokstav a) og c).", heiter det i vedtaket om omgjering.
Vedtaket er tidfesta til i dag, onsdag 18. februar.
Åtte arbeidsplassar stod i fare
Anlegget ved Dysjaneset i Sande kommune sysselsette åtte personar, som ved ein nedlegging sto i fare for å misse arbeidsplassen sin eller måtte belage seg på å pendle til anlegg lenger unna.
Vedtaket 23. janaur, om å trekkje attende løyvet til å drivet torskeoppdret, vart gjort etter ein klage frå Naturvernforbundet. Vedtaket viser mellom anna til miljøomsyn, som faren for negative verknadar for vill torsk.
Glede i Ode
"Vi er svært glade over omgjøringen. Dette betyr mye både for alle i Ode, men ikke minst for gjengen ute på Kvamsøya. Jeg snakket akkurat med driftslederen på anlegget, Aleksander, der var de allerede i gang med å bestille kake", skriv talsperson Falk D. Øveraas i Ode i ein epost til NettNo.
Varsla omgjering
Fiskeridirektoratet varsla tidlegare i februar at det vurderte å gjere om sitt eige vedtak frå januar i år.
Då sa fylkessekretær Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal at har var forundra over at direktoratet vurderte å gjere om på vedtaket om å trekkje attende løyvet til å drive torskeoppdrett ved Dysjaneset.
– Eg har knapt nok høyrt om noko sånt før, sa han.
I eit innlegg i avisa Vestlandsnytt 5. februar kritiserte Folden både fylkeskommunen og Fiskeridirektoratet for sein sakshandsaming av Naturvernforbudet sin klage, som vart levert i april 2023.
Når Ode starta drift ved Dysjaneset før klagen vart handsama gambla selskapet på at Naturvernforbundet ikkje skulle få medhald, meiner han.
Publisert: 18.02.2026 10:49
Sist oppdatert: 19.02.2026 23:32






