(NPK-NTB-Per Christensen):. FHL har ikkje fått noko endeleg stadfesting på dei russiske sanksjonane, men sterke signal om at det går i den retninga. Og verdiane er store: Fersk laks og aure for 4,2 milliardar kroner i året, frosen pelagisk fisk for 1,1 milliardar kroner i tillegg.
– Biletet er ikkje heilt klart, men alt tyder på at norsk sjømateksport vert hardt råka. FHL held nær kontakt med styresmaktene og har fått signal som tilseier at forbodet råker bedriftene våre, seier kommunikasjonsdirektør Are Kvistad til NTB.
FHL har 500 medlemsbedrifter som står for 80– 90 prosent av omsetninga i næringa. Eventuelle sanksjonar vil råka 25 laksebruk og eit tital bedrifter som driv med pelagisk fisk, alle godkjende av russiske veterinærmyndigheiter.
– Sjølv om det blir omstillingsproblem vil det nok på sikt vera mogleg å eksportera meir til desse marknadene. Laksenæringa har snudd seg før. Russland utgjer 10 prosent av norsk lakseeksport, og me håpar at aukande behov i andre marknader kan erstatta eksporten til Russland, seier Kvistad.
Han omtaler situasjonen som meir dramatisk for dei pelagiske fiskeslaga som sild, makrell og lodde. Her er problemet at Russland er den einaste avtakaren etter at også Ukraina har falle bort på grunn av uroa. Totalt er dette verdiar på rundt 1,1 milliardar kroner i året.
Landbruks- og matdepartementet opplyser til NTB at eksporten av ost til Russland i 2013 var på 650 tonn, til ein verdi av 25 millionar kroner. For andre råka landbruksvarer er eksporten oppgitt å vera marginal. Dette er område som mjølk, kjøt og frukt.
FHL viser til at det har oppstått ein heilt spesiell situasjon som krev ekstraordinære tiltak. Kvistad understrekar at styresmaktene må tenkja på kompensasjonsordningar for dei bedriftene som berre driv med pelagiske fiskeslag, og som no møter veggen. Tidspunktet er også svært dårleg, sidan store volum med laks skal slaktast på kort tid.
– Biletet er ikkje heilt klart, men alt tyder på at norsk sjømateksport vert hardt råka. FHL held nær kontakt med styresmaktene og har fått signal som tilseier at forbodet råker bedriftene våre, seier kommunikasjonsdirektør Are Kvistad til NTB.
FHL har 500 medlemsbedrifter som står for 80– 90 prosent av omsetninga i næringa. Eventuelle sanksjonar vil råka 25 laksebruk og eit tital bedrifter som driv med pelagisk fisk, alle godkjende av russiske veterinærmyndigheiter.
Ikkje heilt svart
På kort sikt vil eksportstopp skapa store avsetningsproblem i næringa, men biletet er ikkje heilt svart. Norsk laksenæring har vore utestengt frå den russiske marknaden tidlegare (i 2006), og då vart situasjonen brukt til å opparbeida nye marknader, mellom anna vart det fri tilgang til marknadene i EU og USA.– Sjølv om det blir omstillingsproblem vil det nok på sikt vera mogleg å eksportera meir til desse marknadene. Laksenæringa har snudd seg før. Russland utgjer 10 prosent av norsk lakseeksport, og me håpar at aukande behov i andre marknader kan erstatta eksporten til Russland, seier Kvistad.
Han omtaler situasjonen som meir dramatisk for dei pelagiske fiskeslaga som sild, makrell og lodde. Her er problemet at Russland er den einaste avtakaren etter at også Ukraina har falle bort på grunn av uroa. Totalt er dette verdiar på rundt 1,1 milliardar kroner i året.
Fisken tek støyten
Kvistad seier at FHL har kontinuerleg kontakt med Utanriksdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Innretninga på dei russiske sanksjonane var torsdag ettermiddag ikkje heilt klare, men at det for Noreg sin del er sjømaten som tek hovudstøyten, synest heva over tvil.Landbruks- og matdepartementet opplyser til NTB at eksporten av ost til Russland i 2013 var på 650 tonn, til ein verdi av 25 millionar kroner. For andre råka landbruksvarer er eksporten oppgitt å vera marginal. Dette er område som mjølk, kjøt og frukt.
FHL viser til at det har oppstått ein heilt spesiell situasjon som krev ekstraordinære tiltak. Kvistad understrekar at styresmaktene må tenkja på kompensasjonsordningar for dei bedriftene som berre driv med pelagiske fiskeslag, og som no møter veggen. Tidspunktet er også svært dårleg, sidan store volum med laks skal slaktast på kort tid.
Laksenæringa har snudd seg før
Publisert: 31.08.2020 11:13
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:36