Dagfinn Neteland Fjord1 foto Ogne
FIRE FERJER: Fjord1-sjef Dagfinn Neteland har signert avtale om drive sambandet Lavik-Oppdal over Sognefjorden med fire sjølvgåande ferejer i åra 2026-2034.
Nytt

Fjord1-kontrakt for sjølvgåande ferje

Eit steg nærare for eitt av Hav Group sine største oppdrag nokon gong.

10.01.2024

Fjord1 skal krysse Sognefjorden med fire sjølvgåande ferjer og kontrakten med Statens Vegvesen gjeld for perioden 2026 til 2034.

Avtalen inneber utvikling av heilautomatiserte løysingar for alle dei fire ferjene frå og med 2027 og ut perioden.

Kontrakten skildrar 23 ulike funksjonar som skal automatiserast, og summen av desse funksjonane blir at ferjene vil utføre ruteproduksjon av seg sjølv. Det skal i tillegg etablerast eit kontrollsenter på land, for overvaking og moglegheit til fjernstyring av ferjene, ifølgje pressemeldinga.

Hav Group-oppdrag
Fjord1-kontrakten betyr også at eit nytt steg på vegen mot eit større oppdrag for Hav Group.

Fjord1 har forplikta seg til Hav Group som teknologipartner og nøkkelleverandør for utviklinga av eit nytt ferjekonsept for Lavik-Oppedal-sambandet, melde Hav Group i oktober 2023.

Vilkåret for at det skulle bli eit oppdrag for Hav Group var at Fjord1 fekk på plass avtalen med Statens Vegvesen.

Det gjorde Fjord1 onsdag.

– Den er veldig god i størrelse. Dette har vi vunne i konkurranse mot andre store selskap og leverandørar, saman med Fjord1, sa Hav Group-sjef Gunnar Larsen i oktober i fjor.

Han seier eit formelt hinder er passert, og at det blir arbeidd vidare med detaljane knytt til avtalen Hav Group skal inngå med Fjord 1 og det komande byggeverftet for ferjene.

Publisert: 10.01.2024 14:41

Sist oppdatert: 10.01.2024 15:57

Mer om