Fjord1 illustrasjon Hav Design 11
NYE FERJER: Hav Group skal truleg vere med å utvikle ein ny type ferje på Lavik-Oppedal-sambandet. Her er illustrasjon av tidlegare ferjer selskapet har teikna for Fjord1. Illustrasjon: Hav Design
Nytt

Kan lande ei av sine største kontrakter

Valgt ut til utvikling av neste generasjons ferjer.

Fjord1 har forplikta seg til Hav Group som teknologipartner og nøkkelleverandør for utviklinga av eit nytt ferjekonsept for Lavik-Oppedal-sambandet.

Onsdag melde Statens vegvesen at Fjord1 er vald ut til å utvikle og drifte et nytt ferjekonsept på strekninga.

Om alt går i boks med kontrakta, vil det byggast fire autonome nullutsleppsferjer. Autonom betyr at dei vil vere sjølvstyrande.

Kontrakta vil gjelde frå september 2026 til august 2034, med mulegheit for forlenging i inntil tre år.

Avhengig av endeleg kontrakt
– Hav Group sitt engasjement i prosjektet er betinga av at den endelege kontrakta tildelast frå Statens vegvesen til Fjord1 etter ei obligatorisk ti-dager karensperiode, og at det då inngås endelege kontrakter med HAV Group, heiter det i børsmeldinga frå selskapet.

Kontraktene vil vere basert på eit driftskonsept dei to selskapa har utvikla saman.

Fjord1-sjefen: – Eit kjempespanande samband
Hav Group vil levere skipsdesign, samt ein dokumentasjonspakke for ferjene som skal kunne operere med stor grad av automatisering og autonom navigering.

I tillegg til dette vil dei mellom anna levere system for kraft, automatisk, brudesign og levere to ladestasjonar på land.

Dagleg leiar i Fjord1, Dagfinn Neteland, seier dei er innstilt og «happy» med at dei blei valde.

– Lavik-Oppedal er eit kjempespanande samband.

Dagfinn Neteland Fjord 1 foto Ogne
VINNARAR: Dagfinn Neteland og Fjord1 hadde ein tilbodpris på over 2.75 milliardar kroner i anbodskonkurransen. Arkivfoto: Ogne Øyehaug

Vil ikkje kommentere omsetningsmål
Hav Group har hatt som langsiktig mål å nå ei omsetning på 1,3 milliardar kroner i 2025.

– Vil denne kontrakta gi eit stort byks mot omsetningsmålet?

– Ingen kommentar. Utover det som står i børsmeldinga vil vi ikkje seie noko, seier Gunnar Larsen i Hav Group.

Samtidig seier han at dei er veldig optimistiske for at kontrakta vil bli landa.

– Den er veldig god i størrelse. Dette har vi vunne i konkurranse mot andre store selskap og leverandørar, saman med Fjord1.

Vellykka test av nytt system
Torsdag sendte også Hav Group ut pressemelding om at dei hadde gjennomført ein vellykka test av hydrogen-brenselcelle med kontrollsystem.

– Testen var ein viktig milepæl som gav oss verdifull læring for framtidig utvikling av storskala hydrogenbaserte energisystem, skriv administrerande direktør i Hav Hydrogen, Kristian Osnes i pressemeldinga.

Direktøren i Hav Group, Gunnar Larsen, seier dei har opplevd stor interesse for systemet.

– Det vil gjere det enklare for kundar å få ombord eit hydrogensystem.

Han påpeiker at marknaden for slike produkt er umodent, og at dei ikkje veit kor mykje tid det vil ta før interessa aukar.

– No prøver vi å rådgi kundane våre om kva type båtar teknologien passar best for.

Inntektsauke
Då selskapet la ut Kvartalsrapporten for 2. kvartal viste det eit overskot på nær 60 millionar for perioden.

Utan tapsavsetning enda driftsresultatet for kvartalet på 13 millionar kroner.

Rapporten viste også ei inntektsauke både samanlikna med same kvartalet i fjor, og første i år.

Likevel meiner Gunnar Larsen at dei skal nå målet sitt på 1,3 milliardar i 2025.

Skilt ut frå Havyard
Børsnoterte Hav Group blei skilt ut frå Havyard Group i 2021 og omfattar skipsdesignselskapet Hav Design, Hav Hydrogen - om lagar løysingar for bruk av hydrogen som energiberar på skip, Norwegian Electric Systems - som lagar system for styring og bruk av elektrisitet mellom anna til framdrift på skip og Norwegian Greentech -som lagar system for rensing av ballastvatn.

Havila Holding eig 33,3 % av Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.

Publisert: 19.10.2023 11:15

Sist oppdatert: 19.10.2023 15:41

Mer om