Optimisme i Fjordlaks
OPPTUR: Anders Pedersen og Fjordlaks-konsernet hadde ein opptur i fjor med rekordgode resultat. Foto: Kristin Vidhammer
Nytt

Fjordlaks snudde minus til rekordoverskot

Godt fjorår for Ålesund-konsernet.

05.06.2022

Fjordlaks-konsernet til Pedersen-familien i Ålesund snudde minus i 2020, til rekordoverskot i fjor, ifølgje Sunnmørsposten.

Avisa har fått opplyst at konsernet auka inntektene frå drygt éin milliard til knappe 1,44 millionar kroner. Konsernet fekk samla sett eit resultat før skatt på 409 millionar kroner.

Berre i 2016, då familien selte oppdrettsverksemda til Roger Hofseth, har overskotet vore høgare. Familieselskapet Cape Invest står for 257 av de 409 millionene av konsernets resultat før skatt.

Christin Pedersen, som har ansvar for sal i Fjordlaks, fortel til avisa at mykje av det gode resultatet har å gjere med innkjøp av fisk på gunstige tidspunkt.

Publisert: 05.06.2022 14:37

Sist oppdatert: 05.06.2022 14:43

Mer om