Bikka igjen over milliarden paa klippfisk 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
NEDTUR: Valutatap og koronautfordringar gav resultatsmell for Anders Pedersen og Fjordlaks i fjor. Foto: Kristin Vidhammer
Nytt

Tøft år for Fjordlaks

Konsernet tapte 78,8 millioner kroner og Anders Pedersen kan tape på valutahandel.

12.08.2021

Fjordlaks er av dei store aktørane på produksjon og sal av klippfisk, og fekk i fjor merke effekten av koronapandemien med stort prisfall i viktige marknader og tap på deler av produksjonen.

Hovudkontoret ligg i Ålesund, men konsernet består også av Karlsøybruket og Tufjordbruket i Karlsøy og Måsøy kommunar.

Tufjordbruket hadde i fjor eit positivt årsresultat på 8,7 millionar kroner, med god aktivitet, god tilgang av ferskfisk og produksjon av saltfisk.

Passerte milliarden
For Karlsøybruket vart det derimot eit tap på 26,8 millionar kroner. Sjølv om ein her merka effekten av ein ny fabriukk, sleit ein med prisfall og tap på produksjon som effekt av koronapandemien.

Totalt omsette konsernet for 1071,4 millionar kroner, berre litt mindre enn året før, men resultatet før skatt enda på minus 78,8 millionar kroner, mot pluss 38,7 millionar i 2019.

(saka held fram etter tabellen)

Fjordlaks (konsern)
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 1071,4 1067,1
Driftsresultat -62,1 54,7
Resultat før skatt -78,8 38,7

Forventar plusstal i år
Portugal er den store mottakaren av klippfisk frå Fjordlaks. Totalt vart det seld klippfisk for 619 millionar kroner til Portugal i fjor, 31 millionar mindre enn året før.

Styret skriv i årsrapporten at året var prega av høge råstoffprisar, svekka marknad og svekka resultatmarginar.

Derimot er ein langt meir optimistiske for 2021, og forventar eit positivt resultat i år.

Det vert også jobba med å få til betre samdrift mellom dei tre produskjonsanlegga, for å redusere kostnader og få betre kvalitet.

Kan få store valutatap
Fjordlaks er heileigd av Anders Pedersen gjennom selskapet Cape Invest. Dette selskapet hadde eit resultat før skatt på minus 56,0 millionar i fjor, mot pluss 81,7 millionar året før.

Dagens Næringsliv skriv at store eksponeringar mot valutahandel kan påføre selskapet eit tap på 181 millionar kroner.

Selskapet hadde ved årsskiftet terminkonktraktar for ulike valutaer for 863 millionar kroner, og har spesielt tapt på sveitserfranc.

Fjordlaks-konsernet hadde ved årsskiftet 168 årsverk, derav 49 kvinner. Morselskapet i Ålesund hadde 40 årsverk.

Publisert: 12.08.2021 05:55

Sist oppdatert: 11.08.2021 23:51

Mer om