Flaggskip i gong med rekordtunge loeft
KJEMPEANKER: Island Offshore-skipet skal i alt frakte femten ankera frå Polarbase. Når alle er på botnen, startar installasjonen av wire og toppkjetting som skal leggast før produksjonsskipet kjem og vert kopla opp.
Nytt

Flaggskip i gong med rekordtunge løft

Det er enorme dimensjonar på arbeidet Island Victory utfører i Barentshavet om dagen.

Marius Rosbach
27.05.2020
Offshoreskipet Island Victory er i gong med sine første oppdrag etter at det frå Vard Langsten. Den nye kraftpluggen til Island Offshore har omtala det sterkaste i bransjen.
Skipet er for tida i Barentshavet, før ferda går til vidare oppdrag i Mexicogulfen som tek til i august. Mannskapet om bord gjennomførte nyleg eit rekordløft på 175,2 tonn med offshorekrana då ein manifold ved Askeladd på Snøhvit-feltet blei løfta over skutesida og sett på havbotnen.
– Ein milepåle innan subsea-operasjonar, seier Roar Skjeret i Island Offshore i ei .

Les også:



Legger anker for produksjonsskip

Etterpå har dei sett kursen for Johan Castberg der dei utfører arbeid på oppdrag for offshoreentreprenøren Ocean Installer og sluttkunden Equinor.

Eit flytande produksjonsskip (FPSO) skal ankrast opp for å prosessere og lagre olje frå dei 30 brønnane på havbotnen når produksjonen kjem i gang i 2022, og Island Victory har fått jobben med å legge ut ankersystemet.
– Dette er eit av dei mest omfattande oppankringsprosjekta globalt i 2020, heiter det i ei melding frå reiarlaget.

Mykje logistikk

På den fyrste turen vart fem anker og fem kjettingar lasta om bord. Målet er å sette ned to anker om dagen og sette ankerline på kvart anker.
– Vi har brukt mykje tid på mobilisering i forkant grunna vekt og logistikk på det som vert lasta. Kvart sugeanker veg mellom 90 og 105 tonn, og har ei høgde på mellom 13 og 17 meter, fortel ein Island Victory-kaptein i ei anna frå reiarlaget.
Skipet kan ta heile fem slike anker om bord på same tid. Kjetting veg 600 kilo per meter og er 170 millimeter tjukk. Det er det firdobbelte av standardkjetting nytta i ankerhandtering, ifølge reiarlaget. Oppdraget inneheld også ROV-arbeid for å undersøke botnforholda.

Les også:


Ein milepåle innan subsea-operasjonar

Publisert: 27.05.2020 15:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57