Inviterer til DNB konferanse i A Alesund 32d54dee98d9214bae8e2fa30768ddaf
TIL SVEITS: Både Bernt Skjong i DNB (biletet) og Ragnvald Ree i Nordea kjenner til folk som har fått adresse i Sveits. Skatt er årsaka, meiner dei. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fleire har flytta til Sveits - peikar på skatten

Fleire bankfolk fortel om kundar som har flytta - og at fleire vurderer det same.

21.11.2023

Auka formuesskatt i Noreg er den utløysande årsaka til at fleire kundar av banksjef Bernt Skjong i DNB i Ålesund, har vald å flytte frå landet.

Han vil ikkje gå i detalj om omfanget, men seier det er kundar som held til på Nordvestlandet, frå Nordmøre til Nordfjord. Og dei flyttingane han har registrert, har skjedd i år.

På kort sikt trur han ikkje det har ein negativ effekt for næringslivet på Nordvestlandet, men på lengre sikt er det annleis.

– Viss det blir ein vedvarande trend vil vi etterkvart miste sentrale næringslivsbyggjarar i vår region. Det vi sjølvsagt fryktar, når dei bor midt i Europa, er at den kapitalen dei forvaltar skal finne andre finansieringsformål enn i Noreg, seier Skjong.

Også Ragnvald Ree, som er sjef for Nordea si formuesforvaltningverksemd på Vestlandet, seier han kjenner personar som har flytta frå Nordvestlandet til Sveits i år.

– Det dreier seg om skatt, seier Ree om årsaka til utflyttinga.

Flytta til Sveits
NETT NO fortalde måndag at bedriftsgrunnleggar og investor Ivar K. Nesset har fått adresse i Sveits.

Skjong seier banken held kontakt med kundane som har flytta til Sveits.

Tilbakemeldingane er at dei trivst godt både på jobb og på fritida, og at det har etablert seg eit godt miljø, mellom anna med kontorfellesskap der dei møtes.

Erfaringane til dei som alt har flytta, kan gjere det meir attraktivt for andre å flytte.

Lågare terskel
Ole-Magnus Orlien er sjef for formuesforvaltningsverksemda til Sparebank1 SMN.

Han seier at fleire kunder gjer vurderingar om flytting enn tidlegare, og det er ei endring som har skjedd i år.

Terskelen for å vurdere flytting har gått nedover, slik at det no er vurderingar som blir gjort av folk med lågare formuer enn før.

– Har kome meir og meir
Trond Moldskred er sjef for kapitalforvaltning i Sparebanken Møre og registrere det same som Orlien. Utflytting er i aukande grad eit tema.

– Det har kome meir og meir. Det var ikkje tema i same grad for to-tre år sidan, seier han.

I år har flytting vore tema i tre-fire samtalar med kundar, og Moldskred ventar det i aukande grad blir eit tema framover.

Ikkje eintydig
Biletet er imidlertid ikkje eintydig.

– Ikkje ein einaste som har vurdert, eller diskutert å gjere det, seier leiar John Jørgenvåg i Ålesund-avdelinga av forvaltningsselskapet Kraft Finans på spørsmål om utflytting er tema i selskapet sin kontakt med kundane.

– Fleire snakkar om det, det er eit større tema, men generelt ikkje veldig mykje, seier leiar for formuesforvaltningsselskapet Formue sitt Ålesund-kontor, Hans Jørgen Tranvåg.

Publisert: 21.11.2023 05:00

Sist oppdatert: 20.11.2023 23:03

Mer om