Ingvild Vartdal Knut Flakk foto Marius Rosbach 11
MEIR USIKKERHEIT: Forretningsadvokat Ingvild Vartdal fortel at fleire familiebedrifter no er usikre på om neste generasjon bør overta. Knut Flakk og familien har allereie gjennomført generasjonsskifte i konsernet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Fleire er usikre på generasjonsskifte

Ingvild Vartdal fortel om uro i mange familiebedrifter, medan Knut Flakk peiker på at døtrene har lettare for å flytte utomlands enn han.

Marius Rosbach
25.08.2023

Medan det tidlegare var rekna som sjølvsagt at neste generasjon i store familiebedrifter skulle overta og drive vidare, er det no fleire som er usikre på om det er verdt innsatsen.

Det fortalde forretningsadvokat Ingvild Vartdal under eit politisk møte i regi av NHO Møre og Romsdal i Ålesund denne veka.

– Fleire og fleire spør no den yngre generasjonen om dei er sikre på om dei verkeleg vil halde på med dette, fortel ho.

– Kvar skal ein hente motivasjon frå
Gjennom jobben som leiar av advokatfirmaet Adviso i Ålesund, har Vartdal vore i mange samtaler med bedriftsleiarar på Nordvestlandet som vil ha råd om framtida.

Ho har merka endringa dei siste åra og meiner det er ei alvorleg utvikling.

– Vi har lokale eigarar som har teke prinsippavgjerder om å drive med underskot og tære på kapitalen i bedriftene for å oppretthalde lokalsamfunn, seier ho.

Samtidig opplever dei same bedriftseigarane at det gjerne blir framstilt som at dei nærast har utnytta den norske samfunnsmodellen for å lukkast.

– Kvar skal ein hente motivasjon frå når ein ikkje møter noko respekt, eller støtte, spør ho.

– Alle treng eit klapp på skuldra av og til – også verdiskaparar, legg ho til.

Veit ikkje om ungane vil overta
Ingvild Vartdal er også ein av tre eigarar i Vartdal Plast-konsernet i Ørsta, saman med dei to brørne sine.

Ho fortel at ungane til hennar og syskena førebels er opptekne med utdanning. Samtidig har familien vore bevisst på å sette borna inn i korleis dei tenker om framtida for bedrifta.

– Er trur nokon av dei kan vere interesserte i å ta over, men så er spørsmålet om det vil vere mogleg nokre år fram i tid med den utviklinga vi no ser. Det veit vi ikkje, påpeiker Vartdal.

Vartdal plast jan endre sindre ingvild vartdal foto marius
FAMILIEBEDRIFT: Ingvild Vartdal eig Vartdal Plast saman med syskena Jan Endre Vartdal (t.v.) og Sindre Vartdal. Dei siste åra har konsernet teke rekordstort utbytte frå bedrifta. Foto: Marius Rosbach

Provosert av sentrale politikarar
Broren – og Vartdal Plast-sjef Jan Endre Vartdal – fortalde til NETT NO tidlegare i veka at syskena no er nøydd til å ta ut langt større utbytte enn tidlegare for å handtere den auka skatterekninga frå den raudgrøne regjeringa.

– Vi tek ut alt for mykje i forhold til å kva vi burde hatt til å handtere investeringsbehovet i bedrifta, fortalde han og er uroa for konsekvensane på lengre sikt.

Ingvild Vartdal fortel at ho blir provosert over at sentrale politikar – som næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) – uttaler at formuesskatten ikkje har gått opp når han stiller til politisk debatt.

– Skattebelastinga har auka og alle som vil gå in i debatten må ta det innover seg - også må dei tore å diskutere på det som er faktum, seier ho.

– Å tulle med fakta får iallfall ikkje mine ungar lov til å gjere, la ho til.

Knut Maria Line Flakk Foto Ogne Øyehaug 11
ENGASJERT I FAMILIEBEDRIFTA: Døtrene til Knut Flakk er allereie engasjert i familiekonsernet. Her er far og datter, Knut og Maria Flakk og mamma Line Kristoffersen Flakk iført gensarar frå det nye klemerke kalla O.A.D. . Foto: Ogne Øyehaug

Vil forsøke å endre skattesystemet
Knut Flakk deltok også på møtet i Ålesund. Begge døtrene til Flakk er allereie engasjert i bedrifta og familien gjennomførte eit generasjonsskifte for nokre år sidan.

Erika June Flakk som nyleg er ferdig med utdanninga, jobbar mest med reiseliv, medan Maria Lilly Flakk jobbar mykje med tekstildelen av verksemda, mellom anna den nye merkevara O.A.D. som blei lansert i fjor.

– Vi er 100 prosent samde i familien om å forsøke å endre det urimelige skattesystemet som er no. Men om vi ikkje lukkast, så kan èin ikkje utelukke at dei óg flytter ut av landet, fortel han til NETT NO.

– Ungdommen er mykje meir mobile enn vår generasjon er, legg han til.

– Det er noko grunnleggjande feil
Flakk påpeiker at det ikkje er meint som noko trussel, men at familien ikkje ser noko anna moglegheit så lenge skattebyrda bidreg til at konsernet går med underskot.

Han har fleire gonger fortald korleis det familieeigde konsernet blir råka av skatteauken for norskeide bedrifter og har engasjert seg politisk gjennom Aksjonen for Norsk Eigarskap.

– Politikarane bør ta innover seg kvifor folk flytter til Sveits, eller andre land. Det er eit varsku om det er noko grunnleggjande feil i systemet, seier han.

Publisert: 25.08.2023 05:00

Sist oppdatert: 31.12.2023 13:04

Mer om