Pe Bjørdal nybygg foto marius 11
ARKIVFOTO: 20. juni vart lokala til den konkursråka bedrifta lagt ut på Finn.no. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Fleire interessentar til PE Bjørdal-bygg

Bjørn Meek har framleis håp om å etablere ny drift i den konkursråka bedrifta.

Linn Antonie Vårdal Solheim
22.06.2023

Å finne ei løysing som gjer det mogleg å starte opp att drifta i den tradisjonsrike Ørsta-bedrifta, har vist seg å vere lettare sagt enn gjort. Det har no gått snart ein månad sidan selskapet meldte oppbod, og prosessen er eit samarbeid mellom fleire partar. Det er mange hensyn som må takast.

Bjørn Meek, som er administrerande direktør i den konkursråka bedrifta, fortel til NETT NO at det har vore mykje interesse for lokala, men at det enno ikkje er noko konkret på bordet.

Sit langt inne å selje
- Det sit langt inne for oss å eventuelt selje, men vi føler eit ansvar om å ta vare på eigedomen, også, svarer ein tydeleg alvorstynga Bjørn Meek på spørsmål om annonseringa av lokala til det konkursråka PE Bjørdal.

Det var Møre-Nytt som først melde om annonseringa av lokala.

Aller helst ønsker dei å kome til ei løysing der drifta kan gjenoppstå, og men prosessen har teke tid. Meek seier at det er viktig å finne ei løysing som kan fungere for alle partar.

Sparebank1 SMN største kreditor
Det er banken som sit som største kreditor, og det er derfor dei som har det siste ordet i kva slags løysing ein endar opp med, eller om det blir ei løysing i det heile teke.

- Vi er spenna klar, og eg og fleire andre er interesserte i å få det til. Vi har ikkje enno klart å finne ei løysing som gjer det mogleg å starte opp ny drift, men vi står klare til å ta i eit krafttak så snart vi får eit eventuelt klarsignal til det, fortel Bjørn Meek.

Krevjande situasjon å stå i
Han er klar på at det har vore ein svært krevande situasjon å stå i, både for han personleg, og dei andre som er involverte i prosessen.

- Eg har jobba i bedrifta i 32 år, og føler eit stort ansvar for bedrifta, tolmodige kundar og dei tidlegare tilsette. Vi har jobba på heile tida for å finne ei løysing, og eg har framleis eit håp om at vi kan få det opp og gå igjen, fortel Bjørn Meek til NETT NO.

Publisert: 22.06.2023 15:52

Sist oppdatert: 22.06.2023 20:34

Mer om