PE Bjørdal arbeider Foto PE Bjørdal
MARKNADSSVIKT: Fiskeindustrileverandøren PE Bjørdal har opplevd svikt i marknaden i Russland og norsk oppdrett det siste året. Samtidig blir auka kostnader trekt fram som årsak til at bedrifta melder oppbod. Foto: PE Bjørdal
Nytt

PE Bjørdal-tilsette håpar på ny drift

Dei tilsette vart skuffa – men ikkje overraska då dei fekk beskjeden om konkursen.

Marius Rosbach
24.05.2023

Onsdag ettermiddag blei det kjent at PE Bjørdal i Ørsta vil melde oppbod etter eit svært tøft år. Fleire enn 75 tilsette blir ramma når konkursen blir eit faktum.

- Dei tilsette blei skuffa då beskjeden kom, fortel hovudtillitsvalt Kenneth Strand i bedrifta til NETT NO.

Har frykta konkurs
Strand representerer det største fagforbundet i bedrifta med kring 25 medlemmar. Dei andre tilsette er mellom anna organisert i FLT og NITO.

Han fortel at klubben først vart informert, og deretter dei tilsette på allmøte onsdag.

- Sånn som situasjonen har vore på Bjørdal den siste tida, så har nok folk frykta at dette skulle bli utfallet, seier han.

Delar håp om ny start
I meldinga frå leiinga onsdag blir det samtidig gitt utrykk for eit håp om at bedrifta kan gjenoppstå.

Det er eit håp Stranda delar:

– Vi håpar det kjem ein snarleg oppstart. Det er ein triveleg arbeidsplass med flinke folk både i leiing og på golvet, fortel han.

Klubbleiaren fortel at dei har fått klar signal frå leiinga at dei vil kjempe for at historia om PE Bjørdal ikkje skal ende 24. mai 2023.

- Om marknaden snur, så vil det fort vere ei opning for meir aktivitet, påpeiker Strand.

Torsdag skal dei tilsette samlast til eit nytt møte med bustyrar. Då vil også NAV kome for å opplyse om rettar og kva moglegheiter dei tilsette har.

Møtte motbør på fleire frontar
Bortfall av marknaden i Russland, etter invasjonen i Ukraina, kostnadsauke og regjeringa sin innføring av lakseskatten, er blant årsakene som blir peika på.

NETT NO omtala for nyleg korleis leveransane til oppdrett i Norge i praksis har vore null, etter at forslaget om grunnrenteskatt blei lagt på bordet.

PE Bjørdal gjekk til oppseiingar mot slutten av 2022. I vinter omtala NETT NO korleis bedrifta hadde fått på plass ny kapital og hadde tru på vidare drift.

Meir PE Bjørdal og marknaden siste året:

Publisert: 24.05.2023 16:53

Sist oppdatert: 24.05.2023 22:17

Mer om