– Ein kan stille spørsmål ved om det er meining i det
Tidlegare PE Bjørdal-sjef fortalde Frp-leiaren om utfordringane.
Fredag kom partileiar Sylvi Listhaug (Frp) til Ørsta for å høyre om situasjonen ved konkursråka PE Bjørdal og andre bedrifter i lokalmiljøet.
Tidlegare PE Bjørdal-sjef Bjørn Meek hadde eigentleg ikkje spesielt lyst til å stille til møte med pressa. Midt i arbeidet med å stable på beina ny drift i den konkursråka bedrifta han leia inntil førre veke, stiller han likevel for å fortelje – og håpar det kan hjelpe til å betre situasjonen.
– Dialog er eit nøkkelord vi har i bedrifta, påpeikar Meek og ønska seg i første rekke meir av både det – og stabile rammevilkår frå politikarane sin side.
– No har politikarane ein sjanse til å la oss bli høyrde. Når det blir stilt, så er det fare på ferde, for då er vi reist til Sveits alle saman, la han til seinare.
– Eg har ikkje gitt meg
Meek fortalde korleis bedrifta møtte motgang på fleire hald, med svikt i Russland, den norske oppdrettmarknaden – og auka kostnader på «alle frontar».
På toppen kjem auka skattar for bedriftseigarar frå regjeringa.
– Eg har ikkje gitt meg, men ein kan stille spørsmål ved om det er meining i det. Og eg lurar på om bankane vil gi lån til å etablere ny bedrifter med slike vilkår som det er no, legg han til.
Saman med tidlegare leiinga i bedrifta, jobbar Meek for å få til ny drift.
– Det er tøft, men om eg får sjansen, så skal vi i gong igjen, seier han.
Vil fjerne delar av formuesskatten
Om Meek fekk kome med eitt ønske til regjeringa om endring i politikken, ville det vore å fjerne formuesskatten på arbeidande kapital.
– Å betale skatt av det ein tek ut av bedrifta er heilt greitt, men å betale skatt av veggar og tak som er heilt nødvendig for å skape arbeidsplassar er heilt horribelt, meiner han.
Auken på energikostnader har óg tæra hardt på bedriftskapitalen, og vorte om lag tredobla på eitt år.
– Totalrammene er blitt for dårlege
Næringssjef Odd Magne Vinjevoll i Ørsta var med på besøket og fortalde at frustrasjonen over rammevilkåra var noko dei fleste bedriftene i lokalmiljøet kjenner på.
– Det som er farleg no, er at skattetrykket begynner å bli høgare enn bedriftene greier å betene. Totalrammene er blitt for dårlege, meiner han.
Etter møtet med Listhaug utanfor eit lukka og låst PE Bjørdal-lokale, gjekk turen til Ørsta sentrum for å møte fleire bedrifter.
Opplever ikkje at bodskapet når fram
Stortingspolitikar Sylvi Listhaug seier dei vil halde fram å fortelje regjeringspartia korleis situasjonen opplevast, men erkjenner at det ikkje verkar å ha gjort inntrykk så langt.
– Dei burde dei ha sett både ut frå talet på dei som flytter til Sveits, men også alle dei sindige bedriftsleiarane som står fram og fortel at skattetrykket er alt for høgt og rammevilkåra er uføreseielege, seier Listhaug.
Ho viser til at regjeringa framleis gjentek at formuesskatten var høgare for ti år sidan enn i dag.
– Eg har ikkje møtt ein person som ikkje seier at rammevilkåra har blitt dårlegare, er hennar svar til det.
Publisert: 02.06.2023 12:06
Sist oppdatert: 03.06.2023 13:02