Fleire jenter vel maritim industri
LÆRLINGAR: Årets tolv nye lærlingar på skipsbyggingsområdet i Ulstein Group. Første rekke frå venstre Marthe Solvåg, Stine Lund, Martine Vindfjell og Ida Helen H. Sande. Andre rekkje f. v. Ole Martin Johansen, Hans Jørgen Gardshol, Raymond Engjaberg og Tor Kjetil Paulsrud. Tredje rekke: Andreas Torvholm, Andreas Vartdal, Sander Hellebust og Ivan Podoba. 
Nytt

Fleire jenter vel maritim industri

I år har skipsbyggingsområdet i Ulstein Group jenterekord på lærlingar.

21.08.2014
Alle dei tre nye lærlingane på Ulstein Elektro Installasjon (UEI) er jenter, og av dei tolv nye lærlingane totalt er heile tredjeparten jenter.
Dette opplyser Ulstein Group i ei pressemelding torsdag.
- Lærlingtrenden i den maritime næringa på Sunnmøre er i ferd med å snu. Stadig fleire jenter ser ei moglegheit som fagarbeidar i industrien, og lærlingane kjem gjerne langvegs frå, fortel lærlingansvarleg i UEI, Hanne Notøy.

Læretid på to og eit halvt år

Avhengig av fagområde har dei tolv ferske lærlingane no framføre seg ei læretid på mellom to og to og eit halvt år på Ulstein, før dei skal opp til fagprøve, opplyser Ulstein Group.
Men før dette skal mykje kunnskap lærast, kurs takast, oppgåver utførast, og nokre feil må kanskje gjerast.
Medan dei ni lærlingane på Ulstein Verft er i gong med kursing innan sveis og varmearbeid, er dei tre lærlingane på Ulstein Elektro Installasjon allereie om bord på skip under bygging for å lære seg elektrikarfaget.

100 prosent jenter på elektro

At alle dei tre elektrolærlingane er jenter, er ein totalt ny situasjon. Etter at Hanne Notøy tok fagprøva tidleg på 1990-talet er det berre er éi jente som har tatt fagprøva i elektro etter læretid på Ulstein.
- Dei seinare åra har vi sett at ungdom i endå større grad enn tidlegare vel utdanning etter litt tradisjonelle kjønnsrollemønster, og Møre og Romsdal er eitt av dei fylka der ein har sett denne tendensen mest tydeleg. Vi har eit næringsliv her i fylket som ligg på landstoppen i verdiskaping og med mange spennande arbeidsplassar, noko det er viktig for oss i den maritime næringa å formidle, seier Notøy.
Lærlingtrenden i den maritime næringa på Sunnmøre er i ferd med å snu

Publisert: 21.08.2014 13:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:36