Pfizervksine foto NTB
NY FORDELING: Ferdig fylte sprøyter med Pfizer-vaksine mot koronavirus. Regjeringa vil gi fleire til 25 austlandskommunar tidlegare og la resten av landet vente. Foto: Heiko Junge / NTB
Nytt

Fleire kommunar seier nei til meir vaksinasjon i juli

Ei rekkje av kommunane som ligg an til å miste vaksinedosar i juni, seier nei til å ta igjen det tapte i juli.

19.05.2021

NPK-NTB: Sandnes er blant kommunane som opplyser til VG at det å skulle auke vaksinasjonen i juli ikkje lèt seg gjere i praksis. Stavanger Aftenblad skriv at også Stavanger, Randaberg og Sola har varsla at endringa vil føre til problem.

– Vi har ikkje folk, og klarer ikkje å skaffe nok vaksinatørar. Frivillige passar på køen, dei set ikkje vaksinane, då må eg ha helsepersonell. Og dei skal ha ferieavvikling, seier vaksinekoordinator Irene Aasheim Ivesdal til VG.

Kommueoverlegane i Sogn er òg kritiske til at kommunane må planleggja for å handtera ekstra mange dosar når helsepersonell er på ferie.

– Eg trur ikkje me greier å løysa det, seier kommuneoverlege Knut Cotta Schønberg til Sogn Avis.

Han er ein av fleire kommuneoverlegar som no ber statsforvaltaren om at vaksinasjonen blir gjennomført som tidlegare planlagd.

Til dei med høgt smittetrykk
Regjeringa har gått inn for å endre vaksinasjonsstrategien slik at 25 kommunar som har hatt høgt smittetrykk over tid, får 60 prosent fleire dosar enn dei elles ville fått fram til alle over 18 år har fått tilbod om vaksine.

Forslaget inneber samtidig at 319 kommunar vil få om lag 35 prosent færre dosar enn befolkningsnøkkelen tilseier, i opptil sju veker. Innbyggjarane i desse kommunane utgjer om lag halvparten av Noregs befolkning. 13 kommunar får inga endring.

Ein føresetnad for omfordelinga er at kommunane som får færre dosar i juni og byrjinga av juli, skal ha kapasitet til å ta dette igjen i slutten av juli. Helsedirektoratet har fått i oppgåve å sjekke med kommunane om dei har moglegheit til det.

Blant kommunane ein vurderer å gi fleire vaksinedosar, er 24 kommunar på Austlandet, mellom dei Oslo, Sarpsborg, Drammen, Fredrikstad, Lillestrøm og Moss.

Mange skeptiske
Også heilt i nord og heilt i sør melder kommunane at det vil bli problematisk med ei slik omfordeling. NRK skriv at ti kommuneoverlegar frå Agder har gått saman og sendt brev til Folkehelseinstituttet om at det siste vaksinasjonsforslaget vil føre til store problem i kommunane deira.

Harstad er blant 14 kommunar i nord som før helga signerte eit liknande opprop. Øygarden kommune har òg rykt ut med ei pressemelding der dei ber regjeringa om å halde på den noverande strategien sin.

– Ei endring vil få store negative konsekvensar for gjennomføringa av vaksinasjonen i kommunen vår, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

Publisert: 19.05.2021 09:30

Sist oppdatert: 19.05.2021 09:33