Gir ekstramillioner til NTNU A Alesund
OVER HALVPARTEN BLIR: Fleire som veks opp i Møre og Romsdal tek høgare utdanning, mellom anna på NTNU Ålesund (biletet). Utvida utdanningstilbod i fylket er medverkande til at ein aukande andel finn seg arbeid i fylket etterpå, trur fylkeskommunen.
Nytt

Fleire med høg utdanning vel Møre og Romsdal

Ein aukande andel av dei som veks opp i Møre og Romsdal finn arbeid i fylket etter fullført høgare utdanning.

18.10.2021

I 2019 budde 56 prosent av dei som vaks opp i Møre og Romsdal i fylket tre år etter dei hadde fullført høgare utdanning. I 2002 var andelen 45 prosent.

I same periode auka talet på personar frå denne gruppa som fullførte høgare utdanning frå 1727 til 2453.

Fylkestatistikken for Møre og Romsdal, som blir offentleggjort i dag, viser at det både er fleire som tek høgare utdanning (høgskule eller universitet) og at ein større del av dei finn arbeid i heimfylket etterpå. Ei medverkande årsak er truleg eit utvida høgskuletilbod i fylket, ifølgje statistikkrapporten.

Oslo og Trondheim
Utgangspunktet for statistikken er personar som budde i Møre og Romsdal som 16-åringar, og kvar dei bur tre år etter fullført høgare utdanning.

Etter Møre og Romsdal er det i Oslo/Akershus og Trondheim vi finn flest av 2016-kullet. 504, 21 prosent, bur i Oslo/Akershus. 216, 9 prosent, bur i Trøndelag.

Innvandrarutflytting
At fleire frå fylket som tek høgare utdanning vel å busette seg her er ein positiv trend sett frå Møre og Romsdal si side.

Men statistikken viser og at ei viktig gruppe arbeidstakarar flytta ut i koronaåret 2020.

661 fleire flytta ut enn inn av fylket i fjor og heile 602 av desse var innvandrarar, der arbeidsinnvandrarar får Polen og Baltikum er dei to dominerande gruppene.

Utflyttinga uroar fylkeskommunen: "Både for å oppretthalde folketalet og ha nok arbeidskraft i Møre og Romsdal, er det viktig å integrere innvandrarane i det enkelte lokalsamfunn og kvalifisere dei til arbeidslivet i fylket. Vi veit at det framover er eit stort behov for arbeidskraft i både næringslivet og i offentleg sektor. Til dømes vil det i offentleg sektor, som følgje av auken i talet på eldre, bli eit stort behov for arbeidskraft i omsorgsyrka.", heiter det i statistikkrapporten.

Svak auke
Folketalet i Møre og Romsdal auka med 306 personar frå 2020 til 2021, til 265.544 personer, ein auke på 0,1 prosent. Landsgjennomsnittet er 0,4 prosent.

I åra 2011-2021 steig folketalet i fylket med 5,6 prosent, i resten av landet medp 9,6 prosent.

I åra som kjem vil det bli langt fleire eldre i kommunane samstundes som talet på barn og unge går ned, ifølgje fylkesstatistikken.

Publisert: 18.10.2021 09:00

Sist oppdatert: 18.10.2021 08:32