Oljeplattform i Norsjøen illustrasjonsfoto Odd Kristian Dahle Fiskebåt
Illustrasjonsfoto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt
Nytt

Fleire oljeselskap hevar beredskapen

Tiltak etter mistenkt sabotasje i Østersjøen.

28.09.2022

(NPK-NTB): Equinor har frå natt til onsdag heva beredskapen på alle anlegga sine i Noreg. Det same gjer fleire andre olje- og gasselskap.

Tryggingsoppgraderinga kjem etter at Petroleumstilsynet sende ut ei melding måndag om å utvise vaktsemd. Det var NRK som omtalte beredskapshevinga først.

– Det betyr at vi innfører ytterlegare tryggingstiltak på kontorstader, offshoreinstallasjonar, landanlegg, forsyningsbasar, helikopterbasar og fartøy i Noreg, seier pressetalsmann Eskil Eriksen til NTB.

Vil ikkje utdjupe tiltak
Han vil ikkje gå nærare inn på kva slags tryggingstiltak det gjeld eller omfanget av tiltaka.

– Ettersom dette gjeld omsynet til tryggleiken og effekt av tiltak, ønskjer vi ikkje å gå meir i detalj om kva tryggingstiltaka består i. Vi følgjer utviklinga tett, og har løpande dialog med styresmaktene. Det dreier seg om politiet og andre tryggingsstyresmakter, seier han.

Ifølgje NRK er det etablert eit eige beredskapsteam på prosessanlegget for gass på Kollsnes i Øygarden. Denne eininga består av lokal leiing og tillitsvalde, som dagleg held møte for å følgje situasjonen. På Equinors oljeraffineri på Mongstad er det også plassert ut vakter.

Mistenkt sabotasje
Tysdag vart det kjent at det har oppstått lekkasjar på gassrøyrleidningane Nord Stream 1 og 2 som er bygd for å frakte gass mellom Russland og Tyskland.

Måndag vart det registrert to eksplosjonar i Austersjøen utanfor den danske øya Bornholm, der begge røyrleidningane byrja å leke. I alt er det oppdaga tre lekkasjar. Ekspertar meiner at eksplosjonane ikkje kan komme av jordskjelv.

Det har også vorte observert dronar ved norske installasjonar i Nordsjøen den siste tida.

Fleire følgjer etter
Alle medlemsbedriftene i Offshore Norge har også vedteke å heve tryggingsnivået ved helikopterterminalar og forsyningsbasar, skriv Dagens Næringsliv.

Vår Energi og Aker BP er blant dei som no skjerpar beredskapen.

– Vi gjer det som følgje av droneobservasjonane i den seinaste tida og Nord Stream-hendingar, seier pressetalsperson Ole Johan Faret i Aker BP.

Han ønskjer ikkje å gå konkret inn på tiltak, men seier det handlar om «auka vaktsemd og beredskap».

Vår Energi, eit anna av dei store oljeselskapa på norsk sokkel, hevar også beredskapen.

– Vår Energi har operert med auka tryggingsnivå sidan Russlands invasjon av Ukraina i februar og innfører no fleire tiltak på bakgrunn av hendinga i Austersjøen, skriv kommunikasjonsdirektør Andreas Wulff i Vår Energi i ein e-post til E24.

Publisert: 28.09.2022 14:47

Sist oppdatert: 28.09.2022 14:51

Mer om