Stig Brautaset foto Ogne
NY LOGO: Den gamle logoen til Sparebank1 Søre Sunnmøre er i løpet av dagen skifta ut med Sparebank1 SMN-logoen. Stig Brautaset går frå å vere toppsjef i ein mindre bank til vere ein av konserndirektørane i ein større bank. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fleire tilsette etter samanslåing

Lokalbanken som er historie frå torsdag, har gått frå 62 til 80 tilsette.

02.05.2023

Etter at det blei klart at styret i Sparebank1 Søre Sunnmøre var positiv til å slå banken saman med Sparebank1 SMN i fjor starta Sparebank1 Søre Sunnmøre-sjef Stig Brautaset å tilsette fleire.

Banken var nede i neste 60 tilsette og hadde planar om å bli enda færre, før fusjonsplanane dukka opp.

Frå og med torsdag er Sparebank1 Søre Sunnmøre blitt ein del av Sparebank1 SMN.

Når dei fem sist tilsette er på plass har det som før var Sparebank1 Søre Sunnmøre, 80 tilsette, seier Stig Brautaset .

Han er no ein av konserndirektørane i Sparebank1 SMN og leiar for det som blir kalla divisjon Nordfjord og Sunnmøre.

Oppbemanninga har fleire årsaker; eit nyetablert kontor i Stryn, arbeidsplassar knytt til heile konsernet som er plassert i Volda og ei oppbemanning for å møte veksten banken ventar å få framover, ifølgje Brautaset.

Publisert: 02.05.2023 15:50

Sist oppdatert: 03.05.2023 01:00

Mer om