Bank jobb illustrasjon
AUKE: På landsbasis har talet på banktilsette auka sidan 2017, Trond Lars Nydal i Sparebanken Møre og Stig Brautaset i Sparebank1 Søre Sunnmøre (i innfelte bilete) har begge auka bemanninga dei siste åra. Foto: Marius Rosbach, Ogne Øyehaug, Sparebanken Møre. Grafikk: Finans Norge.
Nytt

Fleire bankjobbar etter år med nedtur

Sparebanken Møre har seks ledige stillingar ute og Sparebank1 Søre Sunnmøre har tilsett 12 i det siste. Bankyrket er i vekst.

05.02.2023
ANALYSE:

Statistikken frå bransjeorganisasjonen Finans Norge, som er innfelt i biletet over, er tydeleg nok. I 2017 nådde talet på banktilsette botnen. Etterpå har det gått oppover.

Nivået er godt under utgangspunktet for grafikken, som er frå året 2008, men den fallande trenden er broten.

I 2011 sysselsette Sparebanken Møre 416 årsverk. I 2020 var det nede i 343. No er det oppe i 374.

Bemanningsveksten er eit svar på konkurransen i marknaden, kontroll og etterleving av nytt og utvida regelverk. På toppen kjem drift og utvikling av it-system av forklaringane som Sparebanken Møre-sjef Trond Lars Nydal peikar på.

Samstundes peikar han på at det har foregått ei effektivisering. Tidlegare tidkrevande innhenting av kredittopplysingar og dokument blir i dag gjort med nokre tastetrykk. Færre tilsette i dag handterer ein nesten dobbelt så stor forvaltningskapital som i 2011.

- Eg trudde bemanninga skulle gå ned og ned og ned, og at du skulle sjå enda meir filialdød, seier Sparebank1 Søre Sunnmøre-sjef Stig Brautaset om korleis han vurderte bankbransjen for nokre år sidan.

Etterkvart såg han at det var ei feilvurdering, spesielt då banken registrerte at unge kundar ville møte ein person i banken når dei skulle låne til sin første bustad. Det var ikkje nok for dei å ordne det heile på nettet - som er fullt mogleg - og som banken hadde rekna med unge kundar ville gjere.

At det kom eit synleg omslag i bankbemanninga frå 2016 er ikkje det same som at ein kan vente av veksten vil halde fram. Men i alle fall på Nordvestlandet ser det ut som bankyrket kan få eit ekstra løft.

Grunnen er konkurransen. Sparebanken Vest har etablert seg i Ålesund. Sparebank1 Søre Sunnmøre - som snart blir ein del av Sparebank1 SMN - har etablert kontor i Stryn og signalisert meir satsing sørover.

Begge stadar har bankar frå før, og dei vil neppe legge ned. Så lenge bankane held fram med å utvide si geografiske satsing inn i område som har vore dominerte av andre, betyr det fleire jobbar.

Bankjobbar i dag er heller ikkje kva dei var. Dei nye jobbane har andre oppgåver enn jobbane som forsvann.

Det tidkrevande dokumentinnhenting- og dokumentkontrollarbeidet er borte og kjem ikkje tilbake. Betaling av rekningar og utsending av faktura gjer kundane sjølve, på nettet. Når kundane skal snakke med banken handlar det som regel om informasjon, råd og avtalar i samband større transaksjonar. It-kompetanse og kompetansen i handheving av eit strengare regelverk for å forhindre økonomisk kriminalitet, er også oppgåver bankane treng fleire folk til.

I tillegg til dette kjem at bankane utvidar verksemda si, og innlemmar oppgåver som eigedomsmekling, forsikring, kapitalforvaltning, verdipapirmekling og reknskapsføring under bank-paraplyen.

Berre ein tredjepart av dei omlag 1700 tilsette i Sparebank1 SMN arbeider med tradisjonell bankverksemd, fortel banken.

Det er også ei geografisk endring. Veksten ser ut til å vere eit byfenomen.

Finans Norge har brote ned statistikken på ulike område på Nordvestlandet.

For heile Møre og Romsdal er det ikkje auke, berre nær ei utflating i nedgangen frå 2016/2017 og utover.

Auken kjem i Ålesund, opp frå 538 stillingar i 2017 til 567 i 2021.

Grunnen til at det er slik, er truleg kva type jobbar som veks, som er typisk hovudkontorjobbar, der spesialistar som jobbar med fellesoppgåver blir samla i større miljø.

Publisert: 05.02.2023 05:00

Sist oppdatert: 07.02.2023 00:38

Mer om