Dnb huninvesterer foto Sina Jørgensen 11
SER EFFEKT: Finansgründer meiner kampanjar som DNB sin «Hun investerer» har hatt effekt på interessa for å investere. I fjor var rundt 90 kvinner samla på bankens arrangement i Ålesund. Foto: Sina Jørgensen
Nytt

For første gong starta flest kvinner med aksjar

– Er meir opptekne av tryggleik enn menn når dei skal investere, meiner finansgründer.

(NPK- Kjell Åsmund Sunde): I åra etter pandemien har talet på kvinner som investerer auka betrakteleg.

I 2024 var det for første gong fleire kvinner enn menn som byrja å investere i aksjar. Likevel er framleis 70 prosent av aksjonærane på Oslo Børs menn.

– Ein av tinga eg har merka meg er at kvinner er meir opptekne av tryggleik enn menn når dei skal investere, fortel Siw-Heidi Thomas som driv firmaet Investorinne.

Det handlar om at kvinner investerer forholdsmessig mindre i meir risikable aksjar enn menn.

Fleire kvinner investerer
Sidan 2010 har Thomas arbeidd i finansbransjen – dei siste åra som sjølvstendig næringsdrivande kurshaldar for privatpersonar – hovudsakleg kvinner. Det overordna målet hennar er å fortelje folk at investering ikkje er så komplisert som mange trur.

– Eg har merka auka interesse dei siste åra, seier ho.

Nyttårsaftan 2019 var det 114.747 kvinner på Oslo Børs. I dag er talet 186.211, syner tal frå AksjeNorge og Verdipapirsentralen (VPS).

– Det er gledeleg å sjå at så mange kvinner har funne ut at dei òg kan investere i aksjar, seier dagleg leiar i AksjeNorge Kristin Skaug til Nynorsk pressekontor.

Siw Heidi Thomas IKKE GJENBRUK FOTO NPK
KRITISK TIL SPRÅKBRUK: Siw-Heidi Thomas er oppteken av at investering skal vere forståeleg for alle. Ho meiner bankane ofte brukar eit unødvendig komplisert språk. Foto: Kjell Åsmund Sunde/ NPK

Tar innpå mennene
I same periode har det òg blitt fleire menn som investerer, men det har vore ei utjamning. Talet på kvinner som investerer på Oslo Børs har auka med 62,3 prosent og mengda menn har auka med 53,5 prosent.

Også i Verdipapirfondenes Forening (VFF) har dei merka auka interesse frå kvinnelege investorar.

– Tala våre viser at kvinner sparar meir i fond enn tidlegare – og at dei tar innpå mennene, opplyser Solveig Smith-Kielland Sønnervik i VFF.

– Kvinner er meir grundige før dei investerer 
På same måte som Siw-Heidi Thomas har merka at kvinnene er meir opptekne av tryggleik, viser kjøpsmønstera frå AksjeNorge også dette. 

Aksjeverdiane til kvinnene svingar mindre kvart år enn verdiane til menn. Det betyr at i svake år taper kvinner mindre enn menn og i gode år får dei ikkje like høg avkastning som menn.

– Eg ser at kvinner er meir grundige før dei investerer og er tolmodige ved å ikkje prøve å time marknaden for mykje, men dei har ein meir langsiktig strategi, seier Kristin Skaug.

Kvinner er meir grundige før dei investerer og er tolmodige ved å ikkje prøve å time marknaden
Siw-Heidi Thomas

På kursa sine har Thomas vore oppteken av å opplyse folk om kva tryggleik faktisk er når ein skal investere.

– Tryggleik handlar ikkje om at eit fond svingar eller ikkje. Tryggleik handlar om rammene. Ein må sjå langt fram i tid og ta forholdsreglar. Er det nokon sjanse for at dette fondet vil opphøyre å eksistere? Er det nokon sjanse for at dette fondet vil skusle vekk midlane mine? Slike spørsmål er viktig å stille seg, seier ho.

Meiner kampanjar har hatt effekt
Dei siste åra har òg bankane og finansføretaka sjølve hatt kampanjar for å få fleire kvinner inn i finansmarknaden. 

Den mest kjende er kanskje «Hun investerer» som DNB lanserte i 2019. Thomas meiner DNB-kampanjen og andre kampanjar har vore kjempeviktig for å fleire kvinner inn på aksjemarknaden.

– DNB har verkeleg tatt samfunnsrolla si på alvor og nådd ut til småspararar. Firmaet mitt var i oppstartsfasen då «Hun investerer» blei lansert og før den tid var alle tilbakemeldingar til meg at dette var ikkje folk interesserte i. Takka vere desse kampanjane og auka fokus på at også vanlege folk kan investere – kan eg konsentrere meg om å lære folk kva investering faktisk er, seier Siw-Heidi Thomas.

Ho er likevel oppteken av at dette ikkje må bli nokon konkurranse mellom menn og kvinner.

– Det handlar eigentleg berre om at alle må få moglegheit til å komme inn med det dei har. Det er positivt at det blir fleire kvinner for at det jamnar det litt ut. Men vi må hugse på at det framleis òg er mange menn som ikkje er på børs, avsluttar ho.

(NPK)

Publisert: 07.03.2025 20:24

Sist oppdatert: 07.03.2025 20:24

Mer om