Oppdrett hofseth storfjorden 11
UAVKLARA: Ferieavvikling og koordinering med politietterforsking er ein medvirkande faktor til at Arbeidstilsynet sine undersøkingar for å avdekke årsaka til eksplosjonen ved Hofseth-oppdrettsanlegget i Storfjorden der ein miste livet ikkje vil vere klare før i september. Arkivfoto: Marius Rosbach.
Nytt

For tidleg å seie noko om årsak

Endeleg rapport om dødsulykka på Hofseth-anlegg klar tidlegast i september.

Linn Antonie Vårdal Solheim
03.07.2023

- Det er for tidleg å seie noko om årsaka til ulykka. Det fortel Jan Petter Sæbø i Arbeidstilsynet til NETT NO i dag.

Den 23. juni skjedde det ein eksplosjon i ein tank på eit Hofseth-oppdrettsanlegg i Liabygda i Stranda, og 25 år gamle Perry Emil Johansen miste livet.

Både Arbeidstilsynet og Politiet er involverte i saka, og det blir gjennomført gransking og etterforskning av kva som forårsaka den fatale ulykka.

Inga avklaring før tidlegast september
- Vi hadde tilsyn på anlegget 26. juni, og har bedt om informasjon frå Hofseth. Vi vil ikkje kunne konkludere om noko før om ei god stund, seier Jan Petter Sæbø.

Det blir for tida avvikla ferie, både i Arbeidstilsynet, hos Politiet og i Hofseth-Gruppen, og dette forseinkar framgangen i undersøkingane.

Sæbø fortel at dei i Arbeidstilsynet må koordinere granskinga si med politietterforskinga som føregår parallelt, og at den endelege rapporten om kva som hende ikkje vil vere klar før tidlegast i september.

Kan bli aktuelt med fleire tilsyn
Hofseth har oversendt og gitt Arbeidstilsynet innsyn i mengder av dokumentasjon, og prosessen vidare går i stor grad ut på å granske og undersøke den informasjonen dei har tilgjengeleg i dag.

- Det kan bli aktuelt å gjennomføre eit nytt tilsyn på eit seinare tidspunkt, det veit vi meir om når vi får gjennomgått dei dokumenta vi har fått oversendt, seier Sæbø.

Ingen ekstratiltak
-Slike ulykker skal ikkje skje, seier Jan Petter Sæbø.

Han fortel at det frå Arbeidstilsynet si side ikkje er iverksett ekstratiltak for å hindre ulykker på tilsvarande anlegg, då dei med bakgrunn i informasjonen dei sit på ikkje har grunnlag for å mistenke at det vil vere sannsynleg at noko slikt vil skje ein gong til.

- Internkontrollen i verksemdene som handterer tankar og farlege stoff er viktig for å forhindre at det oppstår farlege situasjonar, fortel Sæbø.

Uavklara skuldspørsmål
Produsenten av utstyret som eksploderte er involvert i undersøkingane, og i følgje Sæbø er alle involverte partar interesserte i å finne ut av kva som var årsaka til eksplosjonen.

Sæbø har lang fartstid i Arbeidstilsynet, og kan ikkje minnast at det har vore tilsvarande ulykker på Vestlandet på lang, lang tid.

På spørsmål om kvar skulda ligg, og om det kan bli aktuelt å ilegge oppdrettsbedrifta reaksjonar, er Sæbø klokkeklar.

- Det er alt for tidleg å seie noko om eventuelle reaksjonar til Hofseth.

Publisert: 03.07.2023 13:13

Sist oppdatert: 03.07.2023 14:24