Eivind Reiten Kongsberg Maritime foto Marius
KLAR FOR VEKST: ULSTEINVIK: Etter fleire år der pilane har peika opp for Kongsberg-konsernet, trur styreleiar Eivind Reiten dei skal vekse vidare. Veksten i verdsøkonomien er han meir usikker på. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Tener framleis meir på maritim enn forsvar

Tilgangen på flinke folk er mellom dei viktigaste grunnane til veksten på Nordvestlandet, fortel Kongsberg-styreleiaren.

Marius Rosbach
09.05.2025

Mangeårig styreleiar Eivind Reiten i Kongsberg Gruppen var torsdag på Sunnmøre for delta på Leverandørkonferansen i Ulsteinvik. Samtidig nytta han anledninga til å besøke konsernet si eige avdeling i byen.

Då tok han seg samtidig tid til ein prat med Nett No om korleis han ser på framtida. Tidlegare på dagen hadde konsernet lagt fram ein rapport for første kvartal som viste at pilane framleis peikar oppover

– Vi har ein formidabel vekst og la fram særdeles sterke kvartalstal, seier Reiten om resultata.

Solid auke i omsetninga
Sjølv om det er våpenkontraktane som får mest merksemd i nasjonale media, står den maritime verksemda for den høgaste omsetninga av dei ulike delane av konsernet.

– Forsvarsmarknaden dreg opp ordreboka fordi den er meir langsiktig, men vi tener framleis meir på maritim enn forsvar, seier Reiten. 

Kvartalsrapporten viste ei auke i omsetninga for Kongsberg Maritime på 25 prosent. Også lønnsemda betre seg fleire hakk – og driftsresultatet bikka 919 millionar kroner for denne delen av verksemda. 

Leverandorkonferanse 2025 Eivind Reiten 2 foto Marius
LEVERANDØRKONFERANSEN: Eivind Reiten var mellom dei som hadde innlegg under Leverandørkonseransen i Ulsteinvik torsdag. Der understreka han mellom anna at den maritime klynga på Nordvestlandet er i verdsklasse - og hausta applaus frå salen. Foto: Marius Rosbach

Trur på vekst for militære fartøy
I ein meir uroleg verd reknar styreleiaren med at den maritime verksemda vil halde fram å vekse framover. Årsaka er ikkje minst at mange land – inkludert Norge – ønsker å kjøpe inn nye fartøy til forsvaret. 

– Vi går inn i ei periode med ekstrem opprusting for å ta igjen for ting som er forsømt over lang tid. Det er store investeringar og alt tydar på at det er kome for å bli i mange år framover.

– Vi har stor tru på at dette vil bli eit viktig vekstområde for oss framover, legg Reiten til.

I første kvartal i år stod utstyr og teknologi til offshorefartøy for den største delen av ordreinngangen til Kongsberg Maritime med 22 prosent. 

Marknaden for LNG-skip kom på andre plass med 20 prosent, medan ordreinngangen til marinefartøy utgjorde ni prosent i kvartalet. 

Leverandorkonferanse 2025 Eivind Reiten foto Marius
STORE FORSVARSORDRAR: De neste ti åra skal det norske forsvaret investere i fleire titals nye fartøy. Dei leveransane har Kongsberg tenkt å vere med på, fortel styreleiar Eivind Reiten. Foto: Marius Rosbach

Vil vere «viktig leverandør» til nye forsvarsskip
Investeringane i nye fregattar og inntil 28 standardiserte fartøy, kan innebere rekordstore byggjekontraktar for den maritime industrien.

Prislappen for investeringane dei neste ti åra, varierer mellom 200 og 300 milliardar kroner.

Det er ikkje klart kven som får oppdraga, og denne veka blei dei første anbodsdokumenta for dei standardiserte fartøya gjort offentleg.  

– Vi ser for oss at Kongsberg skal vere ein viktig leverandør til dette konseptet, seier Reiten.

Skal kombinere sivile og militære løysingar
Avdelingane til Kongsberg på Sunnmøre leverer i første rekke utstyr til sivile skip. Likevel vil dei hauste frukter av auke i forsvarsmarknaden, påpeiker han. 

– Noko av kjernen i konseptet med standardiserte fartøy, er at ein skal nytte det sivile produksjonssystemet til mellom anna propellar og styringssystem. 

– Då kan vi utnytte dei effektive produksjonslinjene vi har på området. Også vil det kome til ein militær komponent i tillegg, seier styreleiaren. 

Kongsberg har også oppretta eit sjømilitært kontor i Ålesund - som har offisiell opning neste veke – for å handtere den auka etterspurnaden.

Meiner kontroll på kostnadene blir viktig
Reiten understrekar at Kongsberg har planar om å vekse i alle delar av konsernet. For å sikre at det blir ein lønnsam vekst, meiner han det blir svært viktig å halde kontroll på utgiftene. 

– Vi må ikkje bli så nøgd med situasjonen at vi glepper på kostnadssida, og konkurransekrafta gradvis dabbar av, seier han. 

Noko av nøkkelen for å lukkast meiner han blir å halde effektiviteten oppe, samtidig som ein klarer å halde av tilstrekkeleg ressursar til nyskaping og utvikling.

– Eg håpar at dei som sitt her om ti år kan seie at dei har glede av vala vi gjer i dag, legg han til. 

Eivind Reiten Kongsberg Maritime 2 foto Marius
ULSTEINVIK: Styreleiar Eivind Reiten i Kongsberg Gruppen besøkte torsdag avdelinga i Ulsteinvik for første gong sidan hovudbygget blei totalrenovert. Foto: Marius Rosbach

 Aksjeverdien meir enn 20-dobla 
Ein ting som er sikkert, er at aksjonærane har hatt stor glede av utviklinga sidan Kongsberg kjøpte Rolls-Royce Marine i 2018. 

Under Leverandørkonferansen i Ulsteinvik hadde styreleiaren med seg grafane som viser at Kongsberg-aksjen er over 20 gonger meir verdt i dag, enn då oppkjøpet skjedde. 

Reiten påpeiker igjen kor viktig det er å heile tida anstrenge seg for å bli litt betre – og ikkje kvile på laurbæra. For å klare det, er det også viktig å sikre seg dei flinkaste folka i bransjen, understrekar han. 

– Det er grunnen til at vi mellom anna tilsett fleire folk her. Vi har ein fantastisk god tilgang på kompetente folk i dette området, seier styreleiaren. 

– Trur dessverre verdsøkonomien får seg ein knekk
Dei siste månadene har vore prega av usikkerheit i verdsøkonomien, ikkje minst grunna handelspolitikken som USAs president Donald Trump har lagt på bordet.

På spørsmål om korleis Reiten trur verdsøkonomien utviklar seg framover, strekar han under at det nettopp tilhøyrar «trusavdelinga». 

Han er temmeleg sikker på at verda framleis vil ha eit nytt tollregime eit halvår fram i tid. Samtidig trur han USA vil droppe ein del av dei mest ekstreme tiltaka – fordi dei innser at det vil innebere «alvorlege sjølvskot», som Reiten seier.

– Eg vil ikkje dramatisere det, men eg trur dessverre verdsøkonomien får seg ein knekk. 

– Det er først og fremst fordi veldig mange i ein slik situasjon trykker på «venteknappen» når det gjeld å ta nye avgjersler om investeringar, legg han til.

Trass meir uro, meiner Reiten at Norge per i dag er i ein god posisjon. 

–  Norge har kome heldig ut av situasjonen så langt. Det er delvis fordi vi har ein sterk industri, men vi må også ta med i reknestykke at ei svak krone hjelper eksportindustrien betydeleg, seier han.

Publisert: 09.05.2025 05:00

Sist oppdatert: 09.05.2025 12:31

Mer om