Ingvild Vartdal og Marita Berdal Wiik foto Ogne
FEM EIGARAR: Dagleg leiar Ingvild Vartdal er grunnleggar og ein av fem eigarar i Adviso Advokatfirma: Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Foreldrepermisjon-effekt for Adviso

Inntektene fall etter fire år på rad med vekst.

05.05.2025

Fleire tilsette i foreldrepermisjon i fjor er hovudårsaka til inntektsnedgangen for Adviso Advokatfirma i Ålesund i fjor (sjå tabell).

– Det er hyggeleg at Adviso-familien veks og at dei tilsette har høve til å kunne ta ein pause frå advokatjobben gjennom foreldrepermisjonar, seier dagleg leiar og medeigar Ingvild Vartdal.

Trass inntektsnedgangen enda inntektene i fjor på det nest høgaste nivået sidan starten.

– Slik det ligg an no bør vi vere på 2023-nivået seier Vartdal om venta inntekt for selskapet i 2025.

Fem eigarar
Adviso Advokatfirma har 14 tilsette og er eit reindyrka forretningsadvokatselskap.

Fem av advokatane er eigarar med like stor andel;  Runar Nordby Johnsen, Ingvild Vartdal, Ole-Reinhart Pettersen Notø, Martin Olsen Høye og Silje Bruun Teigen. 

Tre selskap frå Nordvestlandet var med på Kapital  si rangering av dei 100 største advokatselskapa i Noreg , basert på rekneskapa for 2023.

Adviso blei ranget som nummer 70, eitt hakk over Judicia på 71. plass. 

Det største advokatselskapet i fylket, Øverbø Gjørtz, blei rangert som nummer 44. 

Adviso Advokatfirma as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt32,136,8
Driftsresultat7,111,1
Resultat før skatt7,211,2

Publisert: 05.05.2025 14:42

Sist oppdatert: 05.05.2025 14:42

Mer om