Forlik mellom Ervik og Remoey
PUNKTUM FOR LAGVARIG STRID: I forgrunnen advokat Sondre Loftheim Valaker frå Kluge Advokatfirma under rettsaka i tingretten. Loftheim representerte Stig Remøy sine tidlegare partnarar i Emerald Fisheries, Jon Reidar og Jørgen Ervik (i bakgrunnen) og Frode Igland (som ikkje er med på biletet). Bilete av Stig Remøy innfelt nede til høgre. I rettsaka i lagmannsretten var Loftheim medhjelpar og hans kollega Inger Hygen prosessfullmektig. Stig Remøy var representert av Ole-Reinhart Notø frå Adviso Advokatfirma, med Silje Bruun Teigen som medhjelpar.
Nytt

Forlik mellom Ervik og Remøy

Etter å ha vore usamde sidan 2013 inngjekk dei tidlegare kompanjongane i krilltrålaren Juvel forlik under rettsaka i lagmannsretten.

18.11.2020
Selskapa Ervik Marine as (Ervik-familien i Ålesund), Frode Igland as (Frode Igland i Bergen), Støylebakken as (Jon Reidar Ervik i Ålesund) og Fagerlia Invest (Jørgen Ervik i Ålesund) anka dommen frå tingretten etter at dei ikkje fekk medhald i erstatningskravet mot Stig Remøy.

Ankesaka i lagmannsretten starta 2. november, men blei avbroten då partane blei samde om eit forlik. Det stadfestar Remøy sin advokat, Ole-Reinhart Notø. Partane er samde om å ikkje offentleggjere innhaldet i forliket.

28,7 millionar

Kravet som lagmannsretten skulle ta stilling til var på 28,7 millionar kroner, i tillegg til renter på det opphavlege kravet.
Dei tidlegare krillpartnarane meinte Remøy var personleg ansvarleg for at dei ikkje har fått betaling frå Olympic Holding for minoritetsposten sin i Juvel-reiarlaget Emerald Fisheries, som dei kravde innløyst i 2013.
Grunngjevinga for kravet var fleire disposisjonar og transaksjonar som blei gjort i Olympic Holding-konsernet, før konkursen i Olympic Holding i desember 1016. Remøy-dominerte Olympic Holding var storaksjonær i Emerald Fisheries.

Ikkje betalt

Forliket set punktum for ein strid som har vart i alle fall sidan 2013. Stig Remøys selskap Olympic Holding vart partnar og etterkvart største aksjonær i krillfiskereiarlaget Emerald Fisheries, med like over 90 prosent eigarandel.
Etterkvart surna samarbeidet og i 2013 kravde dei andre aksjonærane å bli løyst ut av Emerald Fisheries. Medan Stig Remøy meinte 3,60 kroner pr. aksje var rett pris, ville motparten ha 233,27 kroner pr. aksje. Søre Sunnmøre tingrett konkludert i 2015 med at 35,85 kroner var rett verdi. Det gav minoritetseigarane 25 millionar kroner og verdsette selskapet til 250 millionar.
I ankesaka året etter, i august 2016, kom lagmannsretten fram til omlag same beløp.

Publisert: 18.11.2020 13:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:05