Forseinka bakeri etter heva avtale
UTSETT: Elias Moe i Volda Elektriske Mylne hadde planar om å opne nytt og stor bakeri- og kafetilbod i Volda i sommar. No er målet opning i 2016.
Nytt

Forseinka bakeri etter heva avtale

Ein bakar som heva avtalen har forseinka Elias Moe i Volda Elektriske Mylne sine planar om å gjere Volda til stoppestad for folk til og frå hytta.

09.07.2015
Planen var å opne ny kafe i Volda sentrum i sommar, med sjøutsikt på eine sida og direkte innsyn i bakeriet og produksjon i Volda Elektriske Mylne på den andre sida. Kombinerte med eit visningsenter for mølla var det snakk om investeringar på 10 millionar kroner. No blir det neppe opning før sommaren 2016.
Moe vil ha større avsetning på mjølet han lagar og hadde alliert seg med Jens Petter Nielsen, som tidlegare har arbeidd i bakeriet hos Morten Schakenda på Lom. Målet var å få til ein liknande bakerisuksess i Volda, mellom anna ved å få sunnmøringar til å stoppe for å kjøpe bakverk på veg til og frå hyttene i Nordfjord. Nielsen skulle både eige og drive bakeriet og kafeen.
Fram til i fjor haust dreiv Moe eigen, mindre kafe i bygget, gjennom selskapet Mylneriet.

Trekte seg

Før jul i fjor trekte Nielsen seg frå avtalen. I følgje Moe var grunnen manglande finansiering.
Men bakeri- og kafe-planane er ikkje lagt bort, berre utsett. No er Moe i forhandlingar med eit par som om å gå inn som drivarar. Før forhandlingane er avslutta vil Moe ikkje seie noko om kven det er.
Korleis bakeri- og kafe skal drivast er heller ikkje avgjort, men Moe seier eitt alternativ er at han i utgangspunktet er eigar, og at drivarane gradvis kjøper han ut.

Auka prisen, sel meir

Moe kjøpte Volda Elektriske Mylne i 2001, og leverer mjøl til heile landet. Selskapet vart skipa i 1930, men har ei historie heilt attende til 1864.
Etter eit svakt 2013 heva Moe mjølprisane med rundt 30 prosent i løpet av andre halvår. Moe var redd for korleis kundane ville reagere, men det hadde han ingen grunn til.
- Dei kjøpte berre meir, viste det seg, seier han.
Sidan prisauken først kom i andre halvår får Moe først full effekt i år, og ventar at 2015 skal ende med eit overskot.

Publisert: 09.07.2015 10:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45