- Nett No har spurt ein reiar, utstyrsleverandør, verftseigar og sjef for designarselskap om kva ønsker dei har frå politikarane. Dette er første artikkel.
Fleire har peika på behovet for ei ny retning og giv i maritim politikk. Nett No har spurte sentrale aktørar kva dei meiner bør gjerast.
Lågare skattetrykk, betre kontroll med offentleg støtte og satsing på yrkesfag er noko av ønska frå Svein-Rune Gjerde frå politikarane. Herøyværingen er sjef og medeigar i skipsdesignarselskapet Marin Teknikk.
Han legg ikkje skjul på at han er provosert av politikken som er ført dei siste fire åra under Støre-regjeringa.
Gjerde utfordra Ap-politikar Per Vidar Kjølmoen om formuesskatten allereie i 2021. Då frykta han konsekvensane av auken i eigarskattane den raudgrøne regjeringa ville innføre. Sidan er dei i praksis vorte dobla.
– Vi har brukt mykje energi dei siste åra på å finne ut kva vi skal velje å gjere og bli med på, for å ikkje bruke for mykje pengar. Det hemmar oss heilt klart, seier han til Nett No.
Peikar på forskjellsbehandling
Sidan skipsdesignarsjefen kom med sitt hjartesukk for fire år sidan, har den familieeigde bedrifta hatt fleire minusresultat - sist i 2024. Formuesskatten må betalast uansett.
Gjerde meiner ikkje skatten bør fjernast heilt, men auken dei siste åra har han vanskeleg for å godta. At selskap med utanlandske eller statlege eigarar slepp å betale, provoserer han.
– Politikarane må forstå at vi har eit system der ein driv forskjellsbehandling. Nokre i næringslivet slepp den belastinga, medan andre må ha den. Det opplevast som at vi har gjort noko gale – og eg ser på det som ei avstraffing, seier han.
Klarer ikkje konkurrere på løn
I kvardagen opplever skipsdesignarsjefen at deira to store konkurrentar, Vard og Kongsberg Maritime – slepp å betale formuesskatt – og pressar opp lønene.
– Dei plukkar ingeniørar frå oss heile tida. Og dei som går, seier at dei får betre vilkår, seier Gjerde.
– Om vi kunne fått vekk halve kostnaden til formuesskatten, så kunne vi klart å konkurrere på løn. Men det gjer vi ikkje no, legg han til.
Han krysser fingrane for eit skatteforlik – men er samtidig skeptisk til kva det er mogleg å gjennomslag for i Stortinget.
– Om ikkje politikarane forstår utfordringane til næringslivet med formuesskatten, så kan dei like gjerne la vere å bruke tida på eit skatteforlik, meiner Gjerde.

– Næringslivet kan ikkje ta heile rekninga
Overgangen til drivstoff som slepp ut mindre klimagassar er ei av bransjen store utfordringar framover. For å lukkas meiner Gjerde det trengst solid offentleg støtte.
– Det private næringslivet kan ikkje ta heile rekninga, men kanskje bør det stillast strengare krav til korleis pengane blir nytta. Slik kan óg støtteordningar til det grøne skiftet bli meir effektive, legg han til.
Meir konkurransedyktige vilkår for verfta – til eksempel ei forskottsordning som lenge har vore etterlyst - er ein anna sak Gjerde meiner er viktig.
– Norske verft har tapt ein del jobbar fordi utanlandske verft har betre ordningar. Det gjeld spesielt Spania og Tyrkia, men dei siste åra er det også bygde mange fiskebåtar i Polen og Danmark.
Tilhengar av Hafast og yrkesfag
Herøyværingen er vidare tilhengar av å bygge Hafast – bru- og tunnelprosjektet som kan knyte søre Sunnmøre til Ålesund-regionen – og helst før Møreaksen.
Om Svein-Rune Gjerde fekk det som han ville, blir det også satsa meir på praktisk yrkesfagutdanning. Dei siste åra er ein rekke linjer lagt ned ved dei vidaregåande skulane på Nordvestlandet – og med elevtal som går ned, ligg det an til at fleire kan ryke.
– Det kan vekke interessa hos ungdom som kanskje ikkje heilt veit kva dei vil med livet. Ofte kan det óg vere gode tilbod for unge som er skuleleide, legg han til.
Publisert: 01.10.2025 05:00
Sist oppdatert: 01.10.2025 09:13






