Forskingsdirektoer Juvelpatent verdilaust utan Rimfrost
BRANNSKADD: Aker Biomarine og Rimfrost strides i Søre Sunnmøre Tingrett om kven som eig produksjonsteknologien ombord. I sommar brann skipet. Krillfabrikken er intakt, med alle dekk over krillfabrikken er brannskadde.
Nytt

Forskingsdirektør: Juvelpatent verdilaust utan Rimfrost

Det omstridde patentet til produksjonsmetoden ombord i krilltrålaren Juvel har ingen sjølvstendig verdi, meiner forskingsdirektøren i Rimfrost.

14.12.2018
Inge Bruheim byrja som forskingsdirektør i Stig Remøy-eigde Rimfrost i 2011.
Rimfrost er selskapet som som for kjøp og vidareforedling av krillprodukta som blei levert frå krilltrålaren Juvel. Juvel var eigd av fiskeriselskapet Emerald Fisheries, med Remøy som majoritetseigar. Emerald Fisheries gjekk konkurs i 2017 og Aker Biomarine kjøpte Juvel på auksjon etter konkursen. Med patent på produksjonsmetoden med på kjøpet, meiner Aker Biomarine. Nei, meiner Rimfrost, patentet blei seld til Rimfrost i 2012. Denne veka har dei to selskapa møttes i Søre Sunnmøre Tingrett for å avgjere striden.

Ikkje råd å selje

Då Bruheim kom inn i Rimfrost i 2011 sleit Emerald Fisheries mildt sagt med salet, i følgje Bruheim si vitneforklaring i retten i går.
- Produkta frå Juvel var ikkje mogleg å selje, sa Bruheim.
Det Juvel produsert var eit halvfabrikat. Stig Remøy, som forklarte seg tidlegare i rettsaka, fortalde om ei omlegging til å levere ei merkevare til forbrukarane.

Forbrukarsatsinga skjedde i Rimfrost, og patenta på produkta ligg der. Det er vidareforedlinga som er avgjerande for å få fram lønsame produkt, ikkje prosessen ombord på Juvel. Det er grunngjevinga for Bruvik meiner patentet til produksjonsmetoden ombord i krilltrålaren Juvel ikkje har sjølvstendig salsverdi.

Kan brukast

Det er første del av prosessen ombord i Juvel som er omstridd. Der blir skalet på krillen fjerna.
Det er fullt mogleg å bearbeid krillen til ei masse som kan foredlast vidare ved på kutte ut den første delen av prosessen. Då får ein ei masse som liknar på produktet Aker Biomarine produserer ombord i sine to krillskip, i følgje Bruheim si forklaring.

Nøler med reparasjon

Nett no er det uansett ikkje aktuelt å sende Juvel ut på nye tokt.
Skipet ligg ved kai i Kanariøyane etter at det fekk store skadar under ein brann i sommar. Då var skipet i Montevideo i Uruguay og blei slept over Sør-Atlanteren etter brannen. Brannen øydela frå dekket over krillfabrikken ombord og opp til og med styrehuset.
Aker Biomarine har bedt om tilbod på å få skipet reparert, men har førebels ikkje avgjort kva som skal skje. Ein av grunnane til den manglande avgjera er uvissa om utfallet av striden om retten til produksjonsteknologien ombord, i følgje forklaringa til juridisk direktør Lars Jacobsen i retten denne veka.
Produkta frå Juvel var ikkje mogleg å selje

Publisert: 14.12.2018 06:00

Sist oppdatert: 03.03.2021 12:35