Det kom fram då Forsvarsdepartementet, Forsvaret og Forsvarsmateriell møtte maritim bransje på Nordvestlandet på NMK i Ålesund tysdag.
Arrangementet er eitt av fleire i samband med den store opprustninga av sjøforsvaret, og ekstra interessant for skipsverfta sidan det er bestemt at alle fartøya skal byggast i Noreg.
Planen er å avklare kven som skal stå for designet av fartøya allereie før påske, og få lyst ut ein konkurransen om bygginga i oktober i år.
Inntil fire verft
På arrangementet tysdag viste Forsvarsmateriell fram skisser av kva som kan bli opplegget om å bygge skipa. Det kan bli mellom eitt og fire verft, ifølgje presentasjonen.
Det kan også bli ein todelt konkurranse - ein for dei større havgåande fartøya og ein for dei mindre kystnære fartøya.
Prosjektleiar Arnstein Kløvrud i Forsvarsmatriell presiserer til Nett No at det er snakk om ei skisse, og at det framleis er ope kva alternativ som blir vald.
– Kontraktsstrategien blir diskutert. Den er ikkje helt konkludert, sier Kløvrud.
Fordelar med fleire
– Kva er fordelen med å velge fleire verft, viss det blir alternativet?
– Det gir jo muligheter for at vi kan få litt synergiar, i forhold til kompetanse på fleire verft som kan samarbeide inn i dette. Det er jo ein brei god kompetanse i norsk industri som vi kan få dratt nytte at ved å ha fleire aktørar, seier han.
Men å velje fleire verft har også utfordringar med å passe på at skipa blir standardiserte slik planen er.
– Det vil kreve ei god organisering og eit godt samarbeid viss vi skal velje fleire verft, seier Kløvrud.
Historisk stort oppdrag
Oppdraget med å bygge dei 28 fartøya – i to ulike storleikar – er allereie eit historisk stort oppdrag for norsk maritim industri. Om ein lukkast med å selje skip til fleire land – kan det bli langt større.
Deltakarane på tysdagens møte kom frå store delar av den maritime industrien på Nordvestlandet.
Tidlegare har det vore eit mål om at det første fartøya skulle vere på sjøen i 2028. Det blei utsett i fjor og no er planen at fartøya skal leverast frå 2030 og framover.
Publisert: 24.03.2026 15:49
Sist oppdatert: 24.03.2026 15:49






