Nytt
Forsømte seg på Mjølstadneset
Gjorde det råd for Stig Remøys tidlegare krillpartnarar å få hand om næringseigedom på Mjølstadneset.
04.02.2020
I samband med ein låneavtale mellom Stig Remøys selskap SRR Invest og Olympic Holding i januar 2016 forsømte dei to selskapa å etablere rettsvern for tomta på Mjølstadneset i Herøy som Stig Remøy opphavleg hadde planlagt å bygge krillfrabrikk og nytt hovudkontor på.
Det kom fram i innleiingsforedraget til Remøy sin advokat, Ole-Reinhart Notø, i retten i dag.
Konsekvensen av forsøminga var at dei tidlegare partnarane til Stig Remøy i krillfiskeselskapet Emerald Fisheries kunne sikre seg pant i tomta etter konkursen i Olympic Holding i desember 2016. (Olympic Holding endra namn til MJ Eigedom rett før konkursopning).
Salet av tomta gav dei tidlegare partnarane til Stig Remøy cirka ni millionar kroner, kom det fram i retten i går.
Stig Remøys selskap Olympic Holding vart partnar og etterkvart største aksjonær i krillfiskereiarlaget Emerald Fisheries, med like over 90 prosent eigarandel. Etterkvart surna samarbeidet og i 2013 kravde dei andre aksjonærane å bli løyst ut av Emerald Fisheries. Medan Stig Remøy meinte 3,60 kroner pr. aksje var rett pris, ville motparten ha 233,27 kroner pr. aksje. Søre Sunnmøre tingrett konkludert i 2015 med at 35,85 kroner var rett verdi. Det gav minoritetseigarane 25 millionar kroner og verdsette selskapet til 250 millionar.
I ankesaka året etter, i august 2016, kom lagmannsretten fram til omlag same beløp.
Olympic Holding melde oppbod og det blei opna konkurs 21. desember 2016, dagen etter at selskapet skifta namn til MJ Eigedom.
Konkursen i Emerald Fisheries kom vinteren 2017 etter at gjeldsforhandlingane ikkje førte fram.
Det ei ei vurdering og forklaring på kva som har skjedd som Remøy er usamd i.
Det kom fram i innleiingsforedraget til Remøy sin advokat, Ole-Reinhart Notø, i retten i dag.
Konsekvensen av forsøminga var at dei tidlegare partnarane til Stig Remøy i krillfiskeselskapet Emerald Fisheries kunne sikre seg pant i tomta etter konkursen i Olympic Holding i desember 2016. (Olympic Holding endra namn til MJ Eigedom rett før konkursopning).
Selde til Ervik & Sævik
I fjor vart tomta seld vidare til fiskebåtreiarlager Ervik & Sævik i Herøy, som saman med Fosnot i november i fjor lanserte planar om ein næringspark på Mjølstadneset i Herøy - om kommunen byggjer meir kai til området.Salet av tomta gav dei tidlegare partnarane til Stig Remøy cirka ni millionar kroner, kom det fram i retten i går.
Krev erstatning
Selskapa Ervik Marine as (Ervik-familien i Ålesund), Frode Igland as (Frode Igland i Bergen), Støylebakken as (Jon Reidar Ervik i Ålesund) og Fagerlia Invest (Jørgen Ervik i Ålesund) krev over 25,3 millionar kroner i erstatning frå Stig Remøy for aksjane sine i Emerald Fisheries, etter manglande betaling frå Remøy-selskapet Olympic Holding. Denne veka møtes dei i retten,Stig Remøys selskap Olympic Holding vart partnar og etterkvart største aksjonær i krillfiskereiarlaget Emerald Fisheries, med like over 90 prosent eigarandel. Etterkvart surna samarbeidet og i 2013 kravde dei andre aksjonærane å bli løyst ut av Emerald Fisheries. Medan Stig Remøy meinte 3,60 kroner pr. aksje var rett pris, ville motparten ha 233,27 kroner pr. aksje. Søre Sunnmøre tingrett konkludert i 2015 med at 35,85 kroner var rett verdi. Det gav minoritetseigarane 25 millionar kroner og verdsette selskapet til 250 millionar.
I ankesaka året etter, i august 2016, kom lagmannsretten fram til omlag same beløp.
Konkurs
Då lagmannsretten konkluderte var både Olympic Holding - som eigde både offshore- og fiskeriselskap - og Emerald Fisheries i krise.Olympic Holding melde oppbod og det blei opna konkurs 21. desember 2016, dagen etter at selskapet skifta namn til MJ Eigedom.
Konkursen i Emerald Fisheries kom vinteren 2017 etter at gjeldsforhandlingane ikkje førte fram.
Personleg ansvar
Dei fire saksøkjarane meiner Stig Remøy har eit personleg erstatningsansvar etter styreansvarsregelen i aksjelova ved at han før konkursen i Olympic Holding gjorde fleire disposisjonar som svekka Olympic Holding si økonomiske stilling og dessutan behandla dei ulike kreditorane til selskapet ulikt.Det ei ei vurdering og forklaring på kva som har skjedd som Remøy er usamd i.
Publisert: 04.02.2020 11:24
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52